Hopp til innhold

Vil ikkje tvinge Bremanger saman med Flora

FØRDE (NRK): Kommunalministeren vil ikkje bruke tvang for å slå saman Bremanger og Flora og Vågsøy. Dermed er Kystalternativet skringlagt.

Kommunalminister Jan Tore Sanner

IKKJE TVANG: Kommunalminister Jan Tore Sanner ville ikkje gå for langt i å antyde tvang for å få realisert Kystalternativet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ordføraren i Flora, Ola Teigen, er sett i ei kattepine etter at Bremanger kommune sa nei til kommunesamanslåing med Vågsøy og Flora. Det konfronterte han kommunalminister Jan Tore Sanner med då han møtte ordførarane og rådmennene i Sunnfjord i dag.

Spørsmålet frå Teigen var rett og slett kva skal dei gjere med Bremanger? Vil ministeren bruke tvang for å slå dei saman?

Vil ikkje bruke tvang

– Eg har ikkje lyst til å gje eit veldig tydleg svar på om det bør vere det eine eller det andre. Det vi har sagt tidlegare er at ein bør ta utgangspunkt i kvardagsregionen. Det handlar om pendling, det handlar om der ein allereie har interkommunale samarbeid. Sånn ville eg ha tenkt. Så må de konkludere med om det inneber Bremanger eller ikkje, sa kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Flora, Bremanger og Vågsøy utgjer Kystalternativet, men har i dag lite interkommunale samarbeid. Dessutan er det lite arbeidspendling mellom dei tre kommunane.

Spiker i kista for Kystalternativet

For Teigen var svaret frå ministeren synonymt med at det ikkje vert brukt tvang, og enn så lenge er det då ikkje eit alternativ å ta med vidare til folkeavrøystinga.

– Statsråden er oppteken av at kommunesamanslåinga skal vere samanslåingar i gode og funksjonelle regionar. Kvardagskommunen snakkar han om. Bremanger og Flora er gode naboar, men det er lite næringslivssamarbeid, pendling og interkommunale samarbeid. Så det er ikkje ein naturleg kvardagskommune, slik eg opplever det, sa Teigen etter å ha høyrt ministeren.

Ola Teigen

KYSTALTERNATIVET IKKJE REELT: Ordførar i Flora, Ola Teigen, vil ikkje ha Kystalternativet som eit alternativ under folkeavrøystinga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Men det som er dykkar kvardagskommune, altså innover mot Sunnfjord og Førde, er ikkje ønskt av innbyggjarane eller det politiske fleirtalet. Kva gjer de då?

– Det var kanskje rett i haust. Eg trur kanskje slik prosessen har vore med alt fleire har kasta seg inn i debatten og fleire har begynt å tenke kommunereform, har ført til at fleire revurderer standpunktet sitt og er kanskje meir positive til Sunnfjord-kommunen etter kvart.

Meir positive til Sunnfjord og Førde

– Eg snakkar ofte med ihuga florapatriotar som faktisk no peikar på Førde som eit godt alternativ og eit framtidsretta alternativ. Eg ser positive teikn på at det er noko innbyggjarane våre vil ha.

Les også: Får ikkje storkommune-utsetjing

Med signalet frå kommunalministeren er han styrka i trua på at Kystalternativet i løpet av kvelden blir så godt som gravlagt.

– Det vil ikkje vere noko reelt alternativ og då gir det heller ikkje meining å legge det fram for folkeavrøysting, seier Teigen.

I kveld skal bystyret i Flora møtast der ordføraren har føreslått å droppe Kystalternativet som eit alternativ under folkeavrøystinga 4. april.