Badeanlegget Havhesten. Arkivfoto NRK
Flora kommune har for andre gong tapt saka mot firmaet som bygde det skadeforfølgde badenlegget. Alternativa no er å anke eller å gå til erstatningssøksmål mot dei som hadde prosjekteringsansvaret. Men truleg vil lite skje. - No må vi berre kome oss vidare, seier Bente Nilsen Halvorsen frå SV.
Tapt 17 mill kr på søksmål
Millionane har flagra ut av kommunekassa etter at Flora kommune har gått på to tap mot firmaet som bygde badeanlegget Havhesten, der det like etter opninga oppstod problem med lekkasjar og rust. Med det siste rettslege tapet har 17 millionar kroner gått med til søksmåla. Viss kommunen no vil ta saka endå eit steg, har dei to alternativ: Å anke saka til Høgsterett, eller å gå til erstatningssøksmål mot dei som prosjekterte anlegget, arkitektfirmaet Torstein Ramberg.
Rustproblema kom fort i Havhesten. Arkivfoto NRK
- På tide å sette punktum
Men den politiske viljen til å dra Havhesten-saka lengre ser ut til å ha dabba fullstendig av. Ingen av politikarane NRK har vore i kontakt med syner interesse for vidare anke eller erstatningssøksmål. Ordførar Bente Frøyen Steindal i Ap har sagt seg inhabil i saka, men varaordførar Bente Nilsen Halvorsen i SV seier det no er på høg tid for Flora å setje punktum. Ho seier at partiet hennar heile tida har vore imot å anke Havhesten-saka. Også i Ap er det truleg skepsis til å gå vidare, seier gruppeleiar Åge Larsen. Randi Melvær i Senterpartiet ser det som lite sannsynleg at partikollegane hennar vil gå vidare heller. Odd Stubhaug i KrF er av same meining.
Må godta nederlaget
No står dei og andre partia sterkare i trua. I det politiske miljøet meiner mange at det no er på tide å akseptere nederlaget. Dei færraste har fått diskutert saka med partikollegaer, men meiner på generelt grunnlag det er tid for å setje strek. Rune Bortne i Høgre var i går krystallklar då han uttalte seg til NRK.
Sak mot arkitektfirma?
Politikarane står framfor to alternativ viss dei vel å ta saka lengre. Dei kan anke for andre gong, og slik freiste å få saka prøvd for Høgsterett. Alternativt kan dei prøve å hente innatt ein del av det dei har tapt til no ved å gå til erstatningssøksmål mot arkitektfirmaet Torstein Ramberg, som prosjekterte badeanlegget. Kommuneadvokat Jo Dale Pedersen vurderte det i går som ganske usannsynleg at kommunen vel det siste alternativet.
- Ikkje årsak til problema
På eit eventuelt erstatningssøksmål mot Torstein Ramberg kan kommunen maksimalt tene innatt 4,5 millionar kroner, dersom dei skulle vinne. Dagleg leiar i arkitektfirmaet, Torstein Ramberg, seier eit slikt utfall fort kunne blitt alvorleg for dei. Men Ramberg er samstundes fagleg sikker på at årsaka til problema i Havhesten ikkje ligg hjå dei.
Peikefinger mot administrasjonen
Fleirtalet av politikarane hengde med i Havhesten-føljetongen til det siste nederlaget mot Selmer Skanska, men no er altså få, om nokon, framleis interesserte i å halde fram. Samstundes sydar irritasjonen under overflata over dei etterkvart så dyre søksmåla. Både Olav Mølster i Framstegspartiet og Åge Larsen i Ap rettar peikefingeren mot administrasjonen i kommunen, som dei meiner har gitt politikarane dårlege råd.