Hopp til innhold

Punktering stoppa tjuvane

Rusa køyrde mannen og kvinna rundt i ein etterlyst bil på felgen – inntil ein bilist på E39 tok ein telefon til politiet. Den telefonen resulterte i endå ei pågriping og opprulling av førebels to tjuveri.

Bilen til tjuveribande

PUNKTERT: Då bilen punkterte prøvde tjuvane å køyre vidare, men det viste seg å vera vanskeleg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bilen til tjuveribande
Foto: Brit Jorunn Svames / NRK

Historia starta eigentleg førre torsdag då ein Mitsubishi Pajero vart kjøpt i Førde. Men eigaren fekk aldri pengane og gjekk til politiet. Dermed vart bilen etterlyst i går. Politiet fekk inn mange tips om at den var sett fleire stader i fylket siste dagane.

Men det var telefonen frå E39 som verkeleg sette fart i etterforskinga. På Vassenden vart bilen stoppa og to personar arresterte; ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra. I bilen hadde dei med seg gjenstandar som politiet mistenkte var tjuvegods.

Dei to som vart stoppa på Vassenden vert framstilt for varetektsfengsling i dag. Den tredje har dei ikkje tatt stilling til enno, og ingen av dei er avhøyrt enno.

Kjenningar av politiet

– Bilen har vore brukt til ein del turar rundt om i fylket siste dagane. Vi set bilen i samband med eit tjuveri av ein lift i Vadheim og plenklyppartraktor i Flekke, seier lensmann i Fjaler, Askvoll og Gaular, Åge Løseth.

Og om ikkje det var nok, så fekk politiet også tips om ein person som oppheldt seg i Stryn sentrum som hadde kontakt til dei to arresterte på Vassenden. Dermed vart ein tredje person, ein mann i 20-åra pågripen fredag føremiddag. Alle tre er busette i fylket og er såkalla kjenningar av politiet.

– Sjå etter tjuvegods når du går tur

No ber både politiet i Stryn og Løseth om at folk sjekkar hytter og andre bygningar for å finne ut om det har vore ubedne gjester på besøk. Lensmannen har i tillegg ei spesiell oppmoding til folk:

– Politiet mistenkjer det kan vere lagra meir tjuvegods ute i terrenget ein stad. Difor oppmodar eg folk som går tur på sidevegar i Sunnfjord-området om å vere merksame på dette. Og om dei kjem over ein stad der det er lagra gjenstandar som naturleg ikkje høyrer heime der, må dei ta kontakt med politiet, seier Løseth.

– Trudde sunnfjordingar var ærlege

– Eg trudde sunnfjordingar var eit ærleg folkeslag, seier mannen som selde bilen til kvinna som no er pågripen.

Bilen til tjuveribande
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han fortel ei historie om ei kvinne som tok kontakt og som hadde hastverk med å skaffe seg ny bil. Sunnfjordingen hadde hatt bilen liggjande ute for sal på finn.no ei stund for ein mindre sum.

Kvinna likte bilen og dei to skreiv kontrakt og salsmelding. Bileigaren let kvinna ta med seg bilen heim på prøvekøyring, under lovnad om at pengane skulle kome om ho valde å behalde bilen. Då pengane ikkje kom og eigaren truga med politiet, dukka mesteparten av kjøpesummen opp.

– Normalt ville eg ikkje late ein framand person få lov å køyre av garde med bilen, men med tanke på storleiken på salssummen og det faktum at eg hadde prøvd å selje bilen ei stund, gjorde eg det slik denne gongen. No fekk eg likevel mesteparten av pengane, men det er sjølvsagt ikkje noko kjekt å oppleve at bilen vart brukt av kriminelle.