NRK Meny
Normal

Punga ut med 12 millionar for å bu her

Toppleilegheita på Bryggen Panorama i Måløy er selt - prisen er 12 millionar. Aldri før har nokon betalt så mykje for ei leilegheit i Sogn og Fjordane.

Bryggen Panorama i Måløy

KLART OM VEL EITT ÅR: Bryggen Panorama i Måløy, der toppleilegheita er selt for 12 millionar kroner.

Foto: UNU AS

Det er UNU AS som står bak ombygginga av den gamle Domsteinbuda til husvære. Det er i alt 26 leilegheiter frå dei minste på 48 kvadratmeter til den største - på toppen av bygningen. Den er på 288 kvadratmeter og har ein uteterrasse på nesten 90 kvadratmeter.

– Speglar att aktiviteten

Prosjektleiar og medeigar Kent Rune Bugjerde i UNU AS seier at dei har selt 19 av dei 26 husværa, og to av dei resterande er reserverte. Han seier den store interessa fortel om eit samfunn der pilene peikar oppover, i kontrast til meir oljeavhengige delar av kysten.

Kent Rune Bugjerde

– VELDIG POSITIVITET: Kent Rune Bugjerde i UNU AS.

Foto: privat

– Det speglar att korleis aktiviteten er i Måløy akkurat no. Oljekrisa gjer at resten av landet har ei nedadgåande kurve. I Måløy er det ein veldig positivitet, det skjer mykje både på privatmarknaden og innan næringslivet, så vi ser at det er ei utruleg positiv innstilling til kjøp av leiligheiter og utvikling av eigedom.

Var skeptiske

Han vedgår at dei var litt meir skeptiske då dei planla prosjektet.

– Dette var det første store prosjektet vi har i eigen regi, og det var ein lang prosess å få selt nok til at vi kunne starte bygginga. Men etter at bygginga starta skjønte folk at dette kom til å bli noko av, og då tok salet seg fort opp.

Bryggen Panorama i Måløy under bygging

UNDER BYGGING: Bryggen Panorama, slik det tek seg ut vel eitt år før det er klart til innflytting.

Foto: UNU AS

Han fortel at dei har satsa på høg standard i Bryggen Panorama, og at topphusværet i femte etasje er det klart mest attraktive.

– Det er ei flott leilegheit, den er sørvendt med sol, det er utsikt mot hamna og skipstrafikken, du ser rett ned i småbåthamna.

Bugjerde seier dei ikkje kan fortelje kven som har kjøpt - vedkomande ynskjer ikkje at det blir opplyst.

Bryggen Panorama skal vere klart til innflytting 1. mai 2017. Dei 19 som til no har kjøpt seg inn der er ei god blanding av unge og eldre, folk som er nyetablerte i Måløy og ein del som sel einebustader til fordel for ei meir lettstelt leiligheit.

Ullsentralen i Førde

HØGARE KVADRATMETERPRIS: Ullsentralen i Førde, slik det skal sjå ut når det er ferdig.

Foto: Ullsentralen AS

Ikkje dyrast pr. kvadratmeter

Etter det NRK har funne ut er husværet til 12 millionar kroner det dyraste som til no er selt i Sogn og Fjordane når ein ser på leilegheiter. Men det er langt frå dyrast om vi reknar i kvadratmeterpris.

Leilegheita i Bryggen Panorama til 12 millionar kroner er på 288 kvadratmeter. Det vil seie at kvadratmeterprisen er på 41.670 kroner. I Ullsentralen, som er under bygging i Førde, er kvadratmeterprisen vel 58.000 kroner. Der er det selt husvære til rundt 7,5 millionar kroner.

Tore Bergqvam i Garanti Eiendomsmegling seier at dei ikkje vil gå ut med eksakte salssummar i Ullsentralen før sala er tinglyste.

I Sogndal er husvære i Sjøkanten selde for opp mot seks millionar kroner, der er kvadratmeterprisen vel 45.000 kroner.

Og samanliknar vi med Tjuvholmen i Oslo er prisane i Sogn og Fjordane framleis moderate. På Tjuvholmen er eit husvære på 1187 kvadratmeter selt for vel 236 millionar kroner - då blir kvadratmeterprisen rundt 200.000 kroner.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.