Hopp til innhold

11 Moods-butikkar blir lagde ned etter konkursen

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Med Jan Egil Flo i spissen vart det punga ut 52 millionar kroner for viktige delar av konkursbuet etter Moods of Norway.

Jan Egil Flo i Sogn og Fjordane tingrett

SKIFTERETTEN: Jan Egil Flo måtte i dag møte i Sogn og Fjordane tingrett i Førde. Han vedgår at tida etter konkursen har vore svært tung og krevjande.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette kom fram under skiftesamlinga i Sogn og Fjordane tingrett i dag. 52 millionar kroner er om lag ein tiandepart av det selskapet var verd for berre eit par år sidan.

Det var ein alvorstung Jan Egil Flo, styreleiar og dagleg leiar i Moods of Norway, som møtte i skiftesamlinga i Sogn og Fjordane tingrett i dag. Med bustyrar Asbjørn Løvik ved si side vart årsakene til den dundrande konkursen i klesselskapet lest opp.

11 butikkar blir lagde ned

– Av 18 Moods-butikkar i landet i dag blir truleg 11 lagde ned og sju blir drifta vidare, seier Flo. Han lovar at det vil bli vidare drift i Moods-butikkane på følgjande stader: Stryn, Ålesund, Stavanger, Ski og Trondheim.

Det kosta 52 millionar kroner å kjøpe selskapet tilbake igjen. Korleis greidde de å stable desse pengane på beina?

– Det er gjennom personlege garantiar og innskot, seier han.

I tillegg til Flo er Simen Stalnacke og fem tilsette i Moods med på eigarsida i «nye» Moods of Norway.

I ei melding frå bustyrar Asbjørn Løvik går det fram at fire ulike bodgjevarar gav bod innan fristen som var sett. Forskjellen på det høgste og det nest høgste bodet var på over 25 millionar kroner. Det vart difor ein enkel jobb å velje kven som skulle få kjøpe konkursbuet.

Tok ut 70 millionar i utbyte

Jan Egil Flo har god tru på at drifta av «nye» Moods vil bli lønsam.

– Hovudgrunnen til konkursen var den sterke dollaren i høve norske kroner. I tillegg var vi for tøffe i stilen og satsa for hardt i USA. No er satsinga i USA redusert ned og lønsemda vil kome, seier Flo.

De var også tøffe i stilen på andre måtar. Mellom anna tok de ut 70 millionar kroner i utbyte til dykk sjølve då Moods gjekk på sitt beste for nokre år sidan. Angrar du på dette no?

– Nei, eg skal sjå den eigaren med eit overskot på nær 100 millionar kroner i 2011 som ikkje tok ut utbyte. Det siste året vart det sprøyta inn 35 millionar kroner i ny likviditet i selskapet. Vi gjorde det vi kunne for å unngå konkurs, seier Flo.

118 ulike kreditorar har eit samla krav på om lag 112 millionar kroner etter konkursen i Moods of Norway og datterselskapet Moods Wholesale AS.