Hopp til innhold

Puls-Yngvar vil kjøpa seg inn i hotell - skal lokka helse- og idrettsturistar

Treningsekspert og TV-profil Yngvar Andersen frå Fortun vil kjøpa seg inn i Hopstock Hotell i Vik.

Per Steinar Melås, Jorunn Åsfrid Røyrvik og Yngvar Andersen

STORE PLANAR: Per Steinar Melås, Jorunn Åsfrid Røyrvik og Yngvar Andersen var i Vik i går for å drøfte framtida for eit helsehotell.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Bygningen fekk for tre år sidan omfattande skadar i ein brann, og den siste tida er det blitt arbeidd med planar om eit nytt helse- og idrettshotell i bygda.

Andersen vil gjerne vera med på å lokka helse- og sportsturistar til Vik.

– Staden eignar seg utruleg godt og endå betre enn eg trudde, seier han.

– Alt ligg til rette

Yngvar Andersen var på besøk i Vik i går, tysdag, for å inspisera trenings-, aktivitets- og turmoglegheitene i bygda, samt drøfta eigarstrukturen med hotelleigar Per Steinar Melås.

Med storslegen natur og gode treningsfasilitetar ligg alt til rette for eit helse-, idretts- og friluftslivshotell i Vik, meiner treningseksperten, kjend frå mellom anna programmet Puls på NRK.

Vil satse i Sogn

I 2005 starta Andersen opp Mykjemeir, eit selskap som tilbyr personleg trening både innandørs og utandørs. På åtte år har selskapet vakse til ei treningskjede, med senter fire plassar i landet. I fjor kjøpte Grete Roede halvparten av aksjane i Mykjemeir, og det er nokre av desse pengane Andersen no ønskjer å investera i Hopstock hotell.

– Eg har lyst å vera med på noko i Sogn og då eg fekk høyre om tankane rundt konseptet, så er det akkurat der eg har lyst å vere.

Stor tru på treningseksperten

For tre år sidan fekk Hopstock hotell omfattande skadar i ein brann. Den siste tida har eigaren Per Steinar Melås og prosjektleiar Jorunn Åsfrid Røyvik arbeidd med å finna ut om eit helse- og idrettshotell i Vik er liv laga. Melås er glad for å få Andersen med på laget.

– På eigarsida vil han kunne bidra med det volumet og den kundegruppa han sit med. Han har stor kunnskap og har stor popularitet i forhold til å kunne bruke Vik på ein aktiv og annleis måte.

Satsar på unge og eldre – proffe og mosjonistar

I juni var italienske skiskytarstjerner på sommarsnø på Vikafjellet. Ein betre plass for opplading til OL er vanskeleg å finna, sa landslagstrenar Patrick Oberegger.

Nøgde toppidrettsutøvarar på høgfjellsnø kan bli éin av berebjelkane for eit nytt sports- og helsehotell i Vik. Yngvar Andersen ser også føre seg opplevingar og aktivitetar for både unge, vaksne og eldre.

– Det kan vere ein stor aktivitetssentral, med alt frå dei som skal bli best i verda til folk som skal berga livet ved å endre heile livsstilen sin. Vi tenkjer også på barnefamiliar med ein tenåring som skal bli blant til beste, men der også dei andre i familien kan få tips og noko relevant.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hopstock Hotell

STORE SKADER: For tre år sidan brann Hopstock hotell. Bygda har vore utan fullverdig hotell sidan den gong.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Håper å starte neste år

Kor mykje pengar Andersen vil spytta inn i Hopstock hotell er ikkje kjent. Per Steinar Melås er også løyndomsfull på spørsmål om han jaktar på også andre investorar. Kor tid hotellet blir bygt opp att, er heller ikkje endeleg fastlagt, fortel Melås.

– Om vi får alle brikkene til å falle på plass før jul, håper eg vi kan setje i gang i 2014.

– Det er mange i Vik som lurer på når det blir drift på hotellet att. Kva kan du seie til dei?

– Oppgåva vår no er å sikre igangsetjing og få til eit berekraftig hotell. Det vil ta litt tid og det ber eg om forståing for, seier Melås.

Trur folk vil komme

Andersen har i fleire år arrangert treningsreiser til Sør-Europa. Han trur mange helseturistar vil koma til Vik på grunn av roa og dei vakre omgjevnadene.

– Tanken er at dette kan bli ei nisje og ein spydspiss.

Men hotellet er ikkje berre tenkt som ein stad for som vil trene. Dei vil også satse på vanlege turistar som treng ein stad å overnatte.

– Du skal ikkje måtte trene for å bu her, ler Andersen.

Vik

VAKKERT: Yngvar Andersen håper vakre og rolege omgjevnader vil lokke folk til bygda.

Foto: Bjørn Sæbø