NRK Meny
Normal

Dei tente hundre tusen kroner på færre ting

Yngvar Andersen og familien kvitta seg med halvparten av alt dei eigde. Det tente dei både tid og pengar på.

Liv Loftesnes og Yngvar Andersen

RYDDA SEG TIL MEIR TID: Heile familien på fem har vore med på ryddeprosjektet til Liv Loftesnes og Yngvar Andersen.

Foto: Aschehoug Forlag

– Vi brukte så mykje tid på å leite etter ting, seier Andersen.

Du har heilt sikkert opplevd det same. Den febrilske leitinga etter husnøklar eller vottar i overfylte skuffer. I 2016 fekk sogneparet Liv Loftesnes og Yngvar Andersen nok. Dei bestemte seg for å kvitte seg med halvparten av alt dei eigde.

– Vi blei så leie av å spørje om kor alt var. Vi starta med å reise oss opp frå sofaen og tok ting ned frå stoveveggen. Vi heldt fram, og blei ganske grådige, ler Yngvar.

Ryddeprosjektet tok heilt av, men dei kasta veldig lite. Familien gav vekk, resirkulerte eller selde ting, noko dei tente gode pengar på.

– På eitt år fekk vi inn 100.000 kr på ting vi kvitta oss med, seier Loftesnes.

Det var ikkje berre pengar dei fekk meir av. Færre ting gjorde at familien med tre jenter fekk meir tid til andre ting i kvardagen.

– Eg har rekna meg fram til at eg har to timar meir enn kva eg hadde før, seier Andersen.

Yngvar Andersen og Liv Loftesnes

KVITTA SEG MED SKO OG LADAR: Det ein ikkje treng lenger kan vere gull for andre, meiner Yngvar Andersen og Liv Loftesnes.

Foto: Aschehoug Forlag

Spydsko i størrelse 47 og gamal nokia-ladar

Interessa for å leve eit liv med færre ting vaks seg større og større. Til slutt blei det til boka «De beste tinga i livet er ikkje ting». No er tankegangen snudd heilt om.

– Vi lev med tanken om at ting vi ikkje treng, likevel har ein verdi for nokon. Liv selde ein gamal nokia-ladar til ein kar i Trøndelag, og eg selde nokre spydsko i størrelse 47, seier Andersen.

Paret starta i det små då dei skulle kvitte seg med ting hausten 2016.

– Eg begynte i medisinskrinet på badet. Ut med alt som var gått ut på dato, så gjekk eg rett på alt som vi hadde dobbelt av på kjøkenet. Ein treng ikkje fem vispar, seier Loftesnes.

Tips til å leve eit liv med færre ting

No er det slutt tida heime hjå familien då dei måtte skubbe att den overfylte kjøkenskuffa. Dei har prøvd fleire metodar i ryddeprosjektet sitt, men har landa på nokre enkle grep:

  • Lag til ein boks eller pose der du legg ting som skal vekk. Sett det på ein strategisk plass i huset. Kvar gong du ser noko som du ikkje treng eller er lei av, så hiv du det i boksen. Finn deg ein dag der du skal gi vekk, selje eller resirkulere det.
  • Det meste har ein verdi for nokon. Det du gjerne vil kvitte deg med kan vere ein skatt for andre. Selg eller gi vekk.
  • Kjøp brukt, eller bytt med andre.
  • Viss og når-regelen: Står du på loftet og seier «denne kan bli fin viss», så må du kvitte deg med det. Alt ein kan sei når om, er verdt å halde på.
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.