Hopp til innhold

No vil Yngvar få lustringane ut i skogen

Til no har han primært fått folk i form inne. No skal han trimme dei ute.

Bedre Puls-gjengen finner sommerformen

I SKOG OG MARK: Yngvar Andersen har fleire gonger nytta skog og mark i samband med Bedre Puls-gjengen på TV.

Foto: Anders Leines, NRK

I byrjinga av oktober startar den utflytte lustringen, Yngvar Andersen, utetrening på 16 stader i landet, skriv bt.no. Og Luster er med på lista, som einaste plass frå Sogn og Fjordane.

– Målet er å vere tilgjengeleg for dei som ikkje trenar i dag. Og all trening skal skje ute, seier Andersen.

Store og små grupper

Mange kjenner han som Puls-Yngvar, der han gjennom mange sesongar har trimma folk i forskjellige livssituasjonar og kroppslege fasongar. Til dagleg driv han treningssenteret Mykjemeir.

(Artikkelen held fram under biletet)

Armhevingar i skauen

MYKJE BRA: Yngvar Andersen har tidlegare demonstrert mange fikse måtar å trene styrke på i skogen.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Utetreninga er eit pilotprosjekt, og etter jul 2012 er det offisiell oppstart for Meir AS, som Andersen skal eige saman med Grete Roede.

Friområde, skog og mark skal brukast som treningsarena. I hovudsak er det snakk om sirkeltrening, styrke og kondisjon.

Skal vere eit alternativ

Andersen understrekar at dette er ikkje nokon konkurranse for treningsstudioa. Tre av fire er ikkje medlem av noko treningssenter.

– Dei fleste kjem ikkje til å bli det heller. Dette er for å gi folk eit alternativ, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I dag har dei fleste eit ønskje om å trene, men det er mange som ikkje gjer det. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Andersen, som ikkje trur det blir noko problem å få folk til å trene ute heile året.

Kjenner seg ekstra flinke

- Vi veit at det er vanskeleg å komme seg ut på gråvêrsdagar. Men når folk blir varme og kjenner seg vel, så blir det ofte bra. Alle blir så glade og føler seg ekstra flinke når dei har vore ute, seier Andersen.