Hopp til innhold

Pukkellaks registrert i Eidselva

For første gang i år fanga eit undervasskamera ein pukkellaks i Eidselva i Eid kommune. Det har vore knytt stor spenning til årets innsig av den uønskte fisken som i 2017 vart fanga i hopetal over heile landet. – Det er tida framover no som vil vise kor stort innsiget blir, seier forskar Karl Øystein Gjelland. Så langt i år er det fanga nokre enkelte individ på Vestlandet, noko meir i midt-Noreg og Nord-Noreg. Pukkellaksen er ein økonomisk viktig art i Russland, Canada og Alaska, men er svartelista i Noreg.

Pukkellaks Eidselva
Foto: Elveeigarlaget, Eidselva