Hopp til innhold

Pudderalarm! Folk strøymer til fjellet i førjulstida

Dei fantastiske snømengdene i fjellet no før jul gjer at pudderalarmen har gått over heile fylket.

– Dei ringer oss gjerne på torsdagskvelden, og spør korleis er det no? Er det laust? Korleis er snøen? Og så hiv dei seg i bilen.

Per Odd Grevsnes ved Sogndal skisenter fortel om telefonar frå skientusiastar på Austlandet, som ikkje skyr mange timar i bil i jakta på høge fjell med pudder langs sidene.

– I dag kom det ein minibuss med svenskar. Dei klakka på seg randoneeski og er på veg til Blåfjell no, seier Grevsnes frå skibakken.

Men alt tyder på at svenskane kan få selskap på veg til fjells, for å gå toppturar med ski på beina er ikkje lenger berre for dei tøffaste.

Salskurva er bratt

– Salet går oppover og oppover, det nye no er at vi sel randoneeski til barn. Foreldra vil ha med ungane sine, seier Tom Wangensteen, ansvarleg for ski ved Erdal Sport i Førde.

– Eg har selt randoneeski til ungar til ned i sju-åtte-års alderen. Først var det vanskeleg å få tak i små nok sko, men dette merka utstyrsleverandørane, som no har begynt å lage mindre sko.

Trass i at ein skipakke gjerne kostar rundt 16.–17.000 kroner etter rabattar, sel sportsbutikken fleire pakkar om dagen.

– Sportsbransjen er prega av mote og trendar, og no er det in å gå i fjellet. Dei som tradisjonelt har gått på fjellski, kjøper no randonee, dei har lyst på ein betre oppleving nedover, seier Wangensteen.

Stort potensial

Ein som begynte å gå i bratte fjellsider før mange andre er Einar Løken. I fleire år har han jobba som tindevegleiar i Breogfjell, og dei opplever ein stadig auka etterspurnad, etter både turar og kurs.

– No er vi på eit punkt der dei mest populære helgane og vekene fyller seg opp ganske raskt, seier Løken.

Johan Moe køyrert ski i Jølster

FINE FORHOLD: Det er mykje snø og fine forhold for ski i Jølster no.

Foto: Øyvind Hellenes

Kuldegrader og sol til veka

Neste veke er det meldt kuldegrader i heile fylket, og tysdag skal det også vere sol dei fleste stader. Leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, håpar folk kjem seg ut.

– Eg var på Blåfjellet i Sogndalsdalen i dag, der er det veldig fin snø å køyre i, så den kan eg tilrå, seier Ask.

I Jølster skisenter kan Even Hole fortelje om veldig bra skiføre og mykje snø. Etter ein dårleg sesong i fjor, er dei strålande fornøgde.

– Eg håpar folk brukar desse dagane til å køyre i preparerte bakkar, slik at dei blir betre på nedkøyringa. Då får dei meir ut av turane når dei skal gå topptur i fjellet, seier Hole.

Hans personlege toppturfavoritt er Nonsnipa i Jølster.