Hopp til innhold

Publikumsrekord på Målrock

ÅRDAL (NRK): Det har hølja ned og vore surt og kaldt, men festivalen Målrock i Årdal har likevel sett publikumsrekord med fleire enn 8000 besøkjande. Her kan du sjå bileta frå eit av arrangementa.

Folkehavet i Meieriparken.
Foto: Christian Blom

– Det er nok Marcus og Martinus på onsdag som gjer at vi klarar å setje rekord, då kom det veldig mange folk til meieriparken, fortel festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

Festivalen var tidleg ute med å booke dei populære fjortenåringane, og trekkplasteret har gjeve svært gode besøkstal, sjølv om vêret ikkje har vore så bra.

– Det har vore veldig kaldt, og det har regna veldig mykje, så vi hadde nok hatt endå fleire publikummarar om vêret var betre. Det sat heilt klart sitt preg på stemninga på festivalen, men folk har vore flinke til å ta med seg gode regnklede, så det har gått ganske bra, fortel fredsheim.

Konsert under Skåri
Foto: Christian Blom

Konsertar i det fri

Det meste av festivalen går føre seg i området rundt meieriparken i Årdal, men eit meir særeige arrangement er det dei kallar for Under Skåri. Det er ei konsertrekkje som år føre seg på ein fjellgard i Utladalen.

– Vi vil syne fram litt meir av området her rundt Årdal, og tykte det passa bra å ha nokre akustiske og stemningsfulle konsertar der oppe. Alle som vil bli med får busskyss opp dit, og i år klarte vi å få med over to hundre opp til Skåri.