Hopp til innhold

Publikumsrekord for Jordeplerock

Ein ung festival, med unge arrangørar. I år fekk dei oppleve at ein artist kom flygande inn med helikopter.

jordeplerock 2017

LÆRDAL: 2600 betalande gjester var ny rekord for festivalen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / Jordeplerock

For femte året på rad blir festivalen arrangert i Lærdal, med namn etter jordeple, altså potet. Det er eit kjennemerke for Lærdal, fortel Torgeir Skjerdal i arrangørgruppa.

– No byrjar vi å høyre at ordet jordeple blir brukt meir. Vi prøver å få bygge merkevara rundt det, det er liksom Lærdal sitt kjennemerke, seier Skjerdal.

Ryktet om jordepla i Lærdal har spreidd seg. I år var til saman det 2600 menneske innom festivalen i løpet av helga. Det er ny rekord.

Glad for at det ikkje var bråk

Arrangørgjengen består av folk i tidleg 20-åra, samt Gunn Beate Sjøtun som er litt eldre. Dei arrangerer festival på femte året, og endeleg byrjar ting å dette på plass.

– Vi har ikkje hatt noko bråk på området, og det har og vore roleg utanfor. Så vi er innmari nøgde, folk har kosa seg masse, seier Skjerdal.

Det tek tid å bygge opp ein festival frå botn av, det har dei unge arrangørane erfart.

– Vi har hatt litt veksesmerter. Men i år gjekk alt som smurt, det var ingen køar og alt gjekk bra føre seg på området, seier Skjerdal.

Om det går i pluss, er enda uvisst.

– Men det ser lovande ut med tanke på besøkande.

Jordeplerock

ROLEG: Festivalen gjekk føre seg utan bråk.

Foto: Jan Christian Jerving / Jordeplerock

Flaug inn frå VG-lista

Direkte frå VG-lista til Jordeplerock i Lærdal – det var laurdagskvelden for Freddy Kalas.

I Lærdal møtte han rundt 1400 menneske som var innom i løpet av kvelden.

– Vi høyrde jungeltelegrafen gjekk over heile området då helikopteret nærma seg, og sikta seg inn på plenen utanfor. Folk sprang ut for å sjå og helse. Det er første gong vi har opplevd så stor ståhei rundt ein av artistane våre, fortel ein sliten og glad Torgeir Skjerdal.

Også Vassendgutane, Daniel Kvammen, Staut, Innertier og fleire spelte på festivalen i Lærdal i helga.