NRK Meny
Normal

Laksen har funne tilbake til elva, men publikum sviktar framleis villakssenteret

Laksefiskarane og interessa for Villakssenteret i Lærdal forsvann med lakseparasitten. No er laksen tilbake, men publikum sviktar framleis senteret.

Villakssenteret i Lærdal

SVIKTANDE: Publikum har svikta Norsk Villakssenter i Lærdal sidan lakseparasitten Gyrodactylus Salaris festa grep om Lærdalselva for 17 år sidan.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Endelege besøkstal for i år er ikkje klare, men vel 10.000 besøkande er om lag som i fjor.

Det uroar kommunen, som eig Norsk Villakssenter. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier fjoråret var eit kriseår.

– Dersom besøkstala viser seg å stemme, så er det urovekkjande, seier ordføraren.

Dårleg økonomi

Jan Geir Solheim

UROA: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, er uroa for situasjonen til villakssenteret.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Det er nemleg ein Lærdal kommune i økonomiske vanskar som eig heile bygget der Villakssenteret er. Bygningen har også ein kulturhusdel og eit kunstsenter, og vart opna av kongen 1. juni 1996.

Ordføraren seier den økonomiske drifta av heile bygget ikkje er god nok.

– Vi har ein kommuneøkonomi som ikkje tilseier at vi kan drive med underskot. I utgangspunktet er det i alle fall ikkje ei kommunal oppgåve å drive eit villakssenter og kulturhus, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Villakssenteret i Lærdal

VILLAKSSENTER: Senteret presenterer historia kring laksefisket, og gjev m.a. gjennom film og levande laks i ei kunstig elv eit innsyn i laksen sine levekår i elva.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Stengde dører

For når publikum sviktar Villakssenteret, så sviktar dei også kunstsenteret. Ordføraren fryktar at dei må stengje dørene.

– Det er jo heilt tragisk no som Lærdal har fått tilbake laksen. Vi ser oppsvinget det har gjeve her med bruk av hytter og fiskarar i elva. Eg føler vi er komne attende til der vi var for 17 år sidan. Så står vi her med eit villakssenter som slit. Det er heilt tragisk, seier han.

Dagleg leiar for Villakssenteret, Ingrid Neste, vil ikkje vere med på ordføraren sitt «worst case» om å stenge.

Optimistisk Neste

Ingrid Neste

HAR TRUA: Ingrid Neste, dagleg leiar i villakssenteret, trur publikum vil finne vegen tilbake til senteret no som laksen er tilbake i elva.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Ho er derimot samd i at 10.000 innom døra ikkje er godt nok, og meiner senteret har kapasitet til å doble dette.

Men faktum er at interessa for senteret dabba av då lakseparasitten Gyrodactylus Salaris festa grep om laksen i Lærdalselva for 17 år sidan. At laksen no er tilbake, gir grunn til optimisme, meiner Neste.

– Det som skjer i Lærdalselva meiner eg må påverke at Villakssenteret bør halde fram og vidareutviklast. Det er ikkje noko anna stad enn i Lærdal det bør vere eit villakssenter, seier ho.

Meir til familiar

Neste meiner betre økonomi til fornying, betre marknadsføring og sal, er dei viktigaste tiltaka som no må til.

– Ein må selje dette produktet for at det skal komme meir besøk. Det har ikkje vore så stor innsats på dette området siste to-tre åra, seier ho og legg til at dei spesielt innanfor familiar har eit utviklingspotensial.

– Hadde vi kunne fått ei fornying av totalproduktet, men aktivitetar og tilbod for heile familien, samstundes som vi fokuserer på fisken, avsluttar ho.