Hopp til innhold

Publikum ofra sola for å få med seg Eva

Eva Weel Skram sin konsert under Balejazz laurdag var heilt utseld. For Eva er festivalen eit bevis på ein draum som blei verkeleg.

Eva Weel Skram og Thomas Stenersen etter konserten

TIL TAKK: Etter ein fenomenal konsert fekk musikantane kvar si vakre rose til takk.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Ho tykte det var overveldande å halde ein eigen konsert på Balejazz for fyrste gong, og spele i sjølvaste storstova, Kviknesalen.

Sundag er det avslutningskonsert på Balejazz med Unge Talent. Skram var sjølv med i Unge Talent for 15 år sidan.

– Den gongen tenkte eg det ville vere stas å ein gong kunne livnære seg som musikar, og kome attende til Balejazz som ein av artistane, seier Skram til NRK.

Publikum både lytta og song

Det var ein forrykande konsert av to virtuosar, ekteparet Thomas Stenersen og Eva Weel Skram. Publikum sat som fjetra gjennom heile konserten.

– Eg tek det som eit veldig kompliment at publikum ofra sola i dag for å gå på denne konserten. Og publikum var fantastisk dedikerte. Dei song allsong med meg då eg bad dei om det, og då eg song om nære ting, lytta dei, seier Skram.

Både sorg og glede kom inderleg til uttrykk. Det kjendest som om konserten spegla heile livet, som i ein Flamenco-konsert nærast. Publikum var trollbundne.

– Dei lo, hengde med, og eg kjende meg i eitt med dei, seier Skram.

Eva Weel Skram pratar mellom to låtar

PRAT MELLOM SONGANE: Skram snakkar lett og ledig mellom songane, og byggjer opp spaning før neste song. Somme anekdotar og småforteljingar fekk publikum til å verkeleg skratte.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

- Svært god respons på konserten

Seinare på dagen var det ikkje vanskeleg å kome i snakk med publikum kringom i sola i Balestrand som hadde høyrd på Skram. Dei var unisone i si hylling og begeistring.

– Det var eit høgdepunkt på festivalen å høyre Skram i denne nye akustiske utgåva, seier Kristian Heier, som hadde kome heilt frå Oslo for å få med seg festivalen.

Publikum i Kviknessalen under konsert med Eva & The Heartmaker Duo

SMEKK FULLT: Kviknesalen var fullsett då Eva Weel Skram heldt konsert, og publikum var som trollbundne gjennom heile den nesten to timar lange konserten.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Han var svært imponert, og meinte at duoen har vorten endå betre. Han får støtte frå Fredleiv Fosse frå Sogndal:

- Konserten var heilt fantastisk. Og dette er noko vi alt veit, men dei vert berre betre og betre, og det var ei oppleving, nok ein gong, å høyre på dei her i Balestrand i dag.

Signe Fosse Refsdal frå Vik stemde i:

- Vi tykte dei var heilt topp, både ho og han. Dei er heilt fantastiske på scenen saman.