NRK Meny
Normal

Jublande publikum kjem tilbake år etter år

For 16. gong laga Breimskoret ståhei med sin tradisjonsrike kabaret. Med artige sketsjar og flott song fekk folk i salen ei flott oppleving og trening for lattermusklane.

Breimskoret sin kabaret "Kor e liket" på Sandane i 2014

– Herleg, herleg, herleg. Kort fortalt. Fantastisk publikum og ei kjempeoppleving. Det var akkurat slik vi hadde håpa. Det er ei ubeskriveleg kjensle å stå der etterpå og ta i mot ein slik applaus, seier Reidar Moldestad.

  • Sjå biletgalleri frå framsyninga lenger nede

Han har hovudrolla og tek rolla som etterforskar. Årets kabaret spelar på kjent stoff for dei fleste, og er ei svært lettbeint opptakt til påskehøgtida.

– Det er ei veldig lett kriminalhistorie, som byggjer opp under alle klisjeane om påskekrim. Vi har mellom anna henta inspirasjon frå radioteateret. Vi har òg tillate oss litt satire på forholdet mellom nordmenn og utlendingar, seier manusforfattar og instruktør, Gunn Tone Moen.

Trufast publikum frå seg av begeistring

Like etter Breimskoret kjem til lågfjellshotellet for ei korsamling dukkar eit mystisk lik opp. Men den avdøde forsvinn kort tid etterpå når straumen går.

Det er 16. gongen Breimskoret arrangerer kabaret. Premieren på «Kor e liket?» enda med langvarig, ståande applaus. For tredje gong vert den spelt i Trivselshagen på Sandane. Men publikum frå tida i Breimshallen er trufaste.

– Dette er fjerde eller femte gongen vi ser Breimskoret. I dag var det veldig kjekt, med liv over heile salen, og veldig god musikk. Vi kjem tilbake kvart år, seier Ruth Ommedal Blad.

Erling Aune og Gerd Kvile

ÅR ETTER ÅR: Som mange folk nrk.no prata med etter kabareten kjem Erling Aune og Gerd Kvile tilbake. År etter år.

Dei involverte kan fortelje at dei kjenner igjen mange av publikummarane, som kjem frå Ørsta og Volda i nord, frå Sogn i aust og frå Sunnfjord i sør.

– Veldig, veldig bra. Eg er veldig nøgd med musikken og med prestasjonane frå skodespelarane, seier Erling Aune.

Han og Gerd Kvile har vore fleire gonger på kabareten til Breimskoret og kom frå Kaupanger for å finne ut kvar liket var i går.

– Dette var kjempeartig og moro. God musikk og flinke solistar, så her var alt bra, seier Kvile.

Vil bevare familiefreden

I pausane mellom ein flott og variert musikkmeny, som spenner frå Bob Dylan sin Make you feel my love til Traktor med henger av Eldar Vågan, vert både svenskar og polakkar mistenkte for ugjerninga.

Magnus Willumsen har sett fleire av Breimskoret sine kabaretar enn dei fleste som var til stades i salen.

– Eg er ugild. Eg er involvert gjennom koret fordi frua er med, seier Willumsen.

– Kva tykkjer du om innsatsen hennar?

– Eg er alltid nøgd med ho, så dette tykkjer eg var veldig bra. Det var ei fin framsyning, med spenning, godt manus, godt musikalsk utval og eit engasjert publikum. Eg har vore på alle seksten, og tykkjer dette er topp fem.

Britt Glomnes Willumsen

NØGD: Britt Glomnes Willumsen, i høvet kabareten Agata Kristine, var letta og glad etter strålande respons frå salen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Oi, sa han det, ja, ler Britt Glomnes Willumsen.

Ho har ein av hovudrollene i kabareten, som den noko sjalu Agata Kristine, assistenten til etterforskaren.

– Det siste er jo det er det ferskaste, så topp fem? Jau då, eg kan vere einig med det, så har vi familiefreden i huset, smiler Willumsen.

– Vi hadde god flyt, og er nøgde med prestasjonane. Publikum var jo berre fantastiske, og det gjer jo ein ekstra energi til oss. Det er alltid ei glede å stå på scena og kjenne at trykket kjem frå salen og at dei har det fint i lag med oss, seier ho.

I dag er det to nye kabaretar. Som premieren i går er dei utselde.

– No er det middag på Gloppen Hotell. Vi skal roe ned og prate ut om det vi var gjennom. Vi treng å komme ned på eit skapleg nivå. Det vert middag, sosialt samvær, og så rett heim for å førebu oss til i morgon, seier Willumsen.