Hopp til innhold

Pubeigar tiltalt for å ha tappa puben sin for millionbeløp

Ein tidlegare pubeigar i Sogn og Fjordane må måndag møte i retten, tiltalt for å ha tappa sin eigen arbeidsplass for over ein million kroner.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Ein mann i 40-åra må møte i tingretten tiltalt for å ha tappa puben sin for over ein million kroner.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Påtalemakta meiner mannen over ein periode på fire år tok ut og overførte 1.056.336 kroner over ein periode på vel fire år. Dette skal ifølgje tiltalen ha skjedd like fram til puben gjekk konkurs.

Det er statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som har teke ut tiltale mot mannen som er i 40-åra. Når saka startar i tingretten måndag må han svare for fire tiltalepunkt.

I tillegg til å vere tiltalt for grov utruskap, meiner påtalemakta at utruskapen påførte puben betydeleg økonomisk skade og har tiltala han også for dette.

Mannen skal ifølgje tiltalen heller ikkje ha ført rekneskap dei siste månadene puben var i drift. Han skal heller ikkje ha sendt inn sjølvmelding med næringsoppgåve for året i førevegen.

Han er også tiltalt for å ikkje å ha opna konkurs eller gått i gjeldsforhandlingar sjølv om verksemda var insolvent og ikkje kunne gje fordringshavarane oppgjer innan «rimeleg tid».

Påtalemakta vil leggje ned påstand om inndraging av 930.000 kroner i saka. Den aktuelle tingretten har sett ned tre dagar til hovudforhandlinga.