Hopp til innhold

Tappa puben sin for nesten ein million - no ventar fengselsstraff

Fjordane tingrett har funne ein mann i 40-åra skuldig i å ha tappa firmaet han dreiv for nesten 938.000 kroner.

Fjordane Tingrett

DØMD FOR UNDERSLAG: Fjordane tingrett dømde mannen til fengsel i ni månader, av det må fire månader sonast.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Retten dømde han til fengsel i ni månader, av dette er fem månader på vilkår. Det betyr at han må sone fire månader innanfor murane. Han må og betale vel 340.000 kroner til statskassa.

Det var over ein periode på vel fire og eit halvt år, frå januar 2004 til september 2008, at mannen sikra seg pengar som ikkje var hans eigne. Han tok kontantar frå kassaapparatet, i tillegg har han gjort uttak og overføringar frå kontoen til skjenkestaden han dreiv.

Til saman har retten kome til at dette utgjorde 937.959 kroner.

Tilståing og sommel gav mildare straff

I tillegg er mannen funnen skuldig i å ikkje ha sytt for å føre rekneskap, for ikkje å ha sendt inn sjølvmelding med næringsoppgåve for 2007 og for å ha unnlete å opne konkurs i firmaet trass i at det ikkje kunne gjere opp for seg.

Mannen tilstod det heile under rettssaka, og dette har verka i formildande retning i straffeutmålinga. I tillegg er det eit formildande moment at det tok så lang tid før saka kom for retten. Saka vart rapportert til politiet alt i 2008, så gjekk det tre år før det vart gjort noko.