Hopp til innhold

«Det er forbausande stille på ein ulukkestad»

Psykolog Per Steinar Melås var saman med ein sjukepleiar då dei tilfeldigvis hamna mitt oppi bussulukka i går ettermiddag. Då sprang dei til for å hjelpe det dei kunne.

Per Steinar Melås - ulukke Fardal

TRAUME: Psykolog Per Steinar Melås var ein av dei første på ulukkestaden. Han meiner fleire av dei som var i ulukke kan få traume i etterkant.

Foto: Christian Blom/Anders Veberg / NRK

– Eg såg framfor meg at to bussar hadde kollidert, det seier psykolog Per Steinar Melås som kom rett bak ulukka på riksveg 55 i Fardal i Sogndal der to bussar kolliderte.

Psykologen var i bil saman med blant anna ein sjukepleiar.

Då han såg kva som hadde skjedd hoppa han og medarbeidarane ut av bilen og sprang fram for å sjå kva som hadde skjedd og eventuelt kva dei kunne gjere med situasjonen.

– Det første vi såg var ei dame som låg utanfor bussen og ein person dreiv med hjartekompresjon og sjukepleiaren sprang til for å hjelpe til.

Tok seg av dei overlevande

Den andre som var med i bilen med han gjekk rundt for å prøve å roe ned folk. Sjølv gjekk han rundt for å prøve å få ei oversikt over kva som hadde skjedd og kor mange skadde det var. Når han hadde fått ei oversikt utanfor bussane gjekk han inn i den eine bussen.

– Der såg eg ein person som var så skadd at eg var overbevist om at her nytta det ikkje med vanleg redningstiltak, fortel Melås.

Han gjekk så ut av bussen, der ambulansane etter kvart kom på staden og dei fekk hjelpt personen ut av bussen og lagt den skadde på bakken.

– Eg gjekk tilbake til den norske bussen og snakka med sjåføren og fekk tak i dei som var overlevande frå den bussen. Politiet tilkalla då ein buss og ringde Sogndal hotell. Eg tok med meg dei overlevande frå den norske bussen og køyrde til Sogndal hotell, seier Melås.

På hotellet var dei førebudde på at dei kom og dei fekk kome inn på eit hotellrom. Melås hadde då ha ein samtale med kvar einskild av dei for å roe ned situasjonen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Quality hotell i Sogndal etter ulukke ved Fardal

KRISESTAB PÅ HOTELL: Dei som ikkje vart skadde i bussulukka vart samla på Quality Sogndal Hotell.

Foto: Anders Veberg / NRK

Surrealistisk

– Det er forbausande stille på ein ulukkestad.

Melås fortel at det på den norske bussen var to spanske gutar og eit fransk ektepar. Desse hadde stor fatning, det same hadde dei norske og, kan Melås fortelje.

– Den eine jenta hadde fått ein del kutt og skadar, men på mange måtar var dei i grunn fatta. Det var ikkje noko sjokktilstand eller hysteri, fortel han.

I den utanlandske bussen stod alle stille og rolege og rørte seg nesten ikkje.

– Eg såg at fleire var veldig emosjonelle. Eg gjekk bort til dei og prøvde å prate med dei, men dei kunne dårleg engelsk.

Det var på ein måte litt surrealistisk, fortel psykologen vidare.

– På mange måtar var det stille og roleg. Den utanlandske bussen hadde ein ikkje klart å sløkkje motoren på, så den motorduren var veldig dominerande til å begynne med.

Kan få traume

Melås seier at ei slik hending kan påverke dei som vart utsett for ulukka.

– Dei kan få traume. Og veldig mange vil få det, difor er det viktig og nødvendig å bearbeide dette.

Han rosar Sogndal kommune som har laga til briefing i morgontimane tysdag for dei som var i ulukka. Han tykkjer det er tilfredsstillande å sjå at kriseberedskapen fungerte.

– Det var veldig kjapt folk på staden, dei gjorde det dei kunne, luftambulanse kom raskt, politiet, brannvesen og redning var på plassen. Eg må seie at det fungerte optimalt.

Viktig å ikkje vere åleine

Melås vil ikkje spekulere i om bidraget frå han og andre frivillige på staden har vore med på å redda liv.

– Nei, det kan eg ikkje seie at vi gjorde, men vi var med på å roe ned situasjonen, vi var med på å strukturere, ta hand om dei og vere nær dei, seier han.

Sjølv reiste han med dei overlevande frå den norske bussen til hotellet, medan medarbeidarane hans reiste med dei overlevande frå den andre bussen.

Dei fleste frå den norske bussen reiste heim i går då dei hadde folk å vere med.

Dei taiwanske passasjerane frå den andre bussen er framleis på hotellet.

Melås seier det er viktig at folk ikkje er åleine etter ei slik oppleving.

To er framleis alvorleg skadd

Tilstanden er framleis alvorleg for to kvinner som vart sendt til Haukeland i Bergen, det opplyser universitetssjukehuset no i morgontimane.

Til saman åtte personar vart sendt til sentralsjukehuset i Førde, dei er alle lettare skadd.

I dag kjem Statens Havarikommisjon for transport til Sogndal.