NRK Meny
Normal

Psykiatrisk avdeling kan bli stengd

Post fire ved psykiatrisk avdeling på Tronvik kan bli avvikla. Post fire er den einaste lukka sikringsavdelinga i fylket, men vil snart stå tom fordi dagens pasientar snart vert utskrivne.

Psykiatrisk klinikk avd. Tronvik

KAN BLI REDUSERT: Ein av postane ved Tronvik kan snart stå tom.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, seier det er på denne bakgrunnen at det blir sett på kva som skal skje med den lukka sengeposten.

– Vi veit at det blir få pasientar, kanskje ingen snart. Vi er i ferd med å skrive ut pasientar, seier han.

Må vite kva personalet skal gjere

Ole Christian Reusch

FÅ PASIENTAR: Direktør for psykisk helsevern, Ole Christian Reusch, seier det snart er ingen pasientar på post 4.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Ei faggruppe arbeider no med ein rapport om kva endringar det vil føre med seg, mellom anna kva dei tilsette skal ha av arbeid.

Eitt av alternativa i rapporten vil vere å avvikle post fire, som er ein forsterka sengepost til dei sjukaste pasientane innan psykisk helsevern. Helse Førde er pålagd å ha eit slikt tilbod.

– Det kan godt vere på Tronvik, men då må vi vite kva vi skal gjere med personalet nå vi ikkje har pasientar.

Vil ikkje spekulere

Det er 15–17 årsverk knytt til denne lukka sengeposten. Reusch vil ikkje spekulere i kva faggruppa vel å gjere.

– Dersom hypotesen om å leggje ned Tronvik blir ein realitet, er det ikkje så mykje å reagere på. Då er det fordi det faktisk ikkje er grunnlag for drift, eller at vi må ha eit tilbod som er meir fleksibelt. Men det kan godt hende at eit slikt fleksibelt tilbod kan vere på Tronvik, seier Reusch.

Ordføraren er lei

Petter Sortland

LEI: Ordførar Petter Sortland er lei av å miste statlege arbeidsplassar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland har sett seg lei på diskusjonar rundt tilbodet på Tronvik.

Sortland meiner kommunen har mista nok statlege arbeidsplassar.

– Vi har mist Ytre Sogn Sorenskrivembete, likningskontor og Ytre Sogn prosti. No kjem arbeidsplassane på Tronvik opp igjen. Det er klart at med nesten 100 årsverk på Tronvik og mange kvinnearbeidsplassar. så er dette viktige arbeidsplassar for oss, seier han.

Han liker heller ikkje at han får vite om desse planane gjennom NRK.

– Det irriterer meg kraftig, seier Sortland.

Vegopning på Bergum i Førde kommune