NRK Meny
Normal

Psyché klar for Sogndal og Brochmann har skrive under ny kontrakt

Christophe Psyché er klar for Sogndal, og Tonny Brochmann har skrive under ny kontrakt med kvittrøyene.

Christophe Psyché

KLAR FOR SOGNDAL: Christophe Psyché er klar for Sogndal. 25-åringen har spelt i HamKam.

Foto: Celina Christoffersen

Den franske midtstopparen Christophe Psyché har skrive under ein kontrakt med Sogndal som varar ut året, det melder Sogndal Fotball på sine heimesider.

– Kjekk utfordring for meg

– Han har stor rekkevidd, er ein stor spelar og har stor fart, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.

Psyché var på prøvespel i Sogndal førre veke, men måtte avbryta opphaldet etter berre éi økt, då han fekk problem med ein skade på baksida av låret. I går stadfesta Håvard Flo, sportsleg leiar i klubben, at dei hadde henta 25-åringen inn til medisinsk test. Då ville han ikkje stadfesta at dei skulle gi han kontrakt, men no er kontrakten signert.

– Eg er veldig glad for at det er i boks. Dette er første gong eg skal spela i den øvste divisjonen, så det vert ei kjekk utfordring for meg, seier Psyché til klubben sine heimesider.

Brochmann blir med ut året

Sogndal-Sandnes Ulf

FÅR FORNYA TILLIT: Tonny Brochmann blir i Sogndal ut året.

Også danske Tonny Brochmann har forlenga kontrakten sin med klubben ut året. Kantspelaren sin kontrakt gjekk eigentleg ut no i sommar, men klubben har valt å gi han fornya tillit ut sesongen.

Etter ein bra debutsesong i 2011, har 24-åringen slite med skadar, og denne sesongen har han berre hatt sju innhopp i eliteserien

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå