Hopp til innhold

PST kutta nesten all bruk av nynorsk i 2018

PST hadde ein nedgang frå 28,6 prosent til 1,6 prosent i bruk av nynorsk i 2018. Det får Språkrådet til å sjå raudt.

PST har nedprioritert nynorsken i 2018.

BEKLAGAR: PST har nedprioritert nynorsken i 2018.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg tykkjer det er synd, for dei var så gode til å oppfylle mållova i 2017 at no trudde me det var etablert eit godt system for målveksling i PST, seier direktør for Språkrådet, Åse Wetås.

I Språkrådet sin rapport om målbruk av offentleg teneste i 2018, viser statistikkar at PST ikkje er i nærleiken av å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk. Etter gode tal i 2017, var bruken av nynorsk nesten fråverande hjå det statlege organet i fjor.

Skuffande

Språkrådet omtalar det som skuffande at eit sentralt landsdekkande organ som PST ikkje oppfyller befolkninga sine språklege rettigheiter.

Mållova, som trådde i kraft 1. januar 1981, seier at statlege organ skal vere språklege nøytrale, og at minimum 25 prosent av målformene skal vere representerte i offentleg skriftlege tilfang.

I fjor var sikkerheitstenesta eit godt stykke frå å nå det målet.

Forventar at PST fylgjer loven

Åse Wetås seier det er viktig at språkbrukarane i Norge skal få interessene sine varetatt på ein god måte, og at det er staten si oppgåve å sørge for at begge målformer er i bruk.

– I vår respons til PST er me tydelege på at me forventar at alle statlege organ fylgjer loven og at det er ekstra viktig at politiet fylgjer denne delen av lovverket i sitt arbeid.

Direktøren for språkrådet er ikkje nøgd med prioriteringane til PST

TILBYR HJELP: Direktøren for Språkrådet, Åse Wetås, er ikkje nøgd med prioriteringane til PST.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

PST har, i eit tidlegare tilsvar til Språkrådet, hevda at dei ikkje har kapasitet til å vareta begge målformer i tilstrekkeleg grad, og at dei er redde for risikoen ved å drive målveksling.

Det får Wetås til å reagere.

– Eg kan forsikre om at det er like trygt å drive begge målformer. Dessutan er det ein velkjent sak at me har to likestilte målformer i Norge. Mållova har fått virke i snart 40 år, så dette er ein kompetanse me forventar av alle statlege verksemder, inkludert PST.

Legg seg flat

Seniorrådgjevar for PST, Annett Aamodt, seier at situasjonen er beklageleg.

– No er det slik at me prioriterer dei mest alvorlege trugslane mot landets sikkerheit, men som alle andre statlege organ må me også følge mållova. Her må me berre ta tak, for prosentandelen for bruk av nynorsk har vorte dramatisk liten.

Aamodt peikar på manglande bevisstgjering rundt mållova som ein av hovudårsakene til den negative trenden det siste året.

– Me har ikkje vore gode nok på å prioritere målsettinga om 25 prosent.

Trass i at PST har fått tilbod frå Språkrådet om kurs og rettleiing i bruken av nynorsk, så har dette altså ikkje gitt utslag. Aamodt seier no at dei må vurdere tiltak for å halde oppe kravet igjen.

– Det finst ingen unnskyldning for at statistikken viser ein så skeiv fordeling som den gjer. Me skal sjå nærare på kva Språkrådet har å tilby, og så får me håpe og tru at me klarar å tilfredsstille kravet igjen for 2019.