Hopp til innhold

Provoserte over elendig DAB-dekning

VEITASTROND (NRK): Jimmy Hilleren og dei 120 innbyggjarane på Veitastrond mister om éin månad noko me andre tek for gitt: skaplege radiosignal.

Jimmy Hilleren

OPPGITT: – Det digitale nettet som skal erstatta FM-signala er ikkje brukande her på Veitastrond, seier bonde Jimmy Hilleren. SJÅ TV-SAK HER.

Fly on the wing…
… by fl…
Reach… …ove
Touch… … sky

I DAB-radioøyreklokkene til Jimmy Hilleren har The Olsen Brothers' «Fly On The Wings Of Love» sjeldan vore meir hakkete og irriterande. Og det er ikkje dei danske Grand Prix-vinnarane si skuld, men derimot elendig DAB-dekning.

Ein månad før FM-nettet blir sløkt på Vestlandet, er DAB-signala i sognebygda så dårlege, at bonden har fått nok. 39-åringen er ihuga radiolyttar, men orkar ikkje meir oppstykka radioprat. Då skrur han heller av NRK og tyr til musikk frå mobiltelefonen.

– Eg har prøvd øyreklokkene mange plassar i bygda etter at DAB-nettet kom. Radiosignala hakkar av og på, men er mest av, fortel Hilleren.

Veitastrond

UTAN DAB-DEKNING: I Veitastrond i Luster kommune manglar mange av dei 120 innbyggjarane skikkeleg DAB-dekning.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Historia gjentek seg

– Det er surt, seier Asbjørn Nes, leiar i Veitastrond bygdalag

Nes står under ei antenne som blei sett opp tidleg 1970-talet. Masta fortel ei historie som gjentek seg: Den gongen stod kampen om FM-signal mellom dei 1600 meter høge fjella.

– Me måtte masa og skriva brev, minnest Nes.

Til slutt nådde veitastrendingane fram, men no mister dei eit FM-nett som fungerer, og får i staden digitalnett som ikkje er brukande.

– Me er småforbanna, seier Nes.

Asbjørn Nes

MÅ KJEMPA FOR BRUKANDE RADIO: – Det burde vera sjølvsagt at me fekk den same dekninga med det digitale DAB-nettet som med det analoge FM-nettet, seier Asbjørn Nes, leiar i Veitastrond bygdalag

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viktig for beredskapen

Ein ting er at veitastrendingane mister noko me andre tek for gitt – god radiodekning. Meir alvorleg er følgjene det får for beredskapen.

Snøras har isolert dei 120 innbyggjarane ei rekkje gonger.

– Når me er innestengde, mister me ofte straumen. Og når straumen fer, forsvinn òg mobildekninga etter kort tid. Viss me heller ikkje får informasjon gjennom radioen, blir det alvorleg, seier Nes.

Ekstremvêret «Dagmar» i 2012 gjorde Veitastrond heilt avsondra frå omverda og viste kva radioinformasjon betyr.

– Det var viktig for oss å høyra kva som skjedde og få nyttig informasjon.

Petter Hox

VIL GJERA NOKO: Radiodistribusjonssjef Petter Hox i NRK

Foto: NRK

– Me må gjera noko med det

Digitalradio Norge, eigd av NRK og P4-gruppa, har ansvaret for å gi alle ein god overgang til DAB.

– Me vil gjerne vita om dårleg dekning; me lyttar til publikum. Viss dekninga er dårleg, må me gjera noko med det, seier NRKs radiodistribusjonssjef Petter Hox:

– Då kan det vera snakka om å setja opp ein liten sendar, men det må me vurdera i kvart einskild tilfelle.

Jimmy Hilleren er blant dei få promillane i landet som ikkje har skapleg DAB-dekning. Det fortel mykje om korleis storsamfunnet ser på utkantbygder som Veitastrond, meiner fembarnsfaren:

– Når dei ser at 99 prosent har dekning, tenkjer dei at det er tilnærma 100 prosent og at det er godt nok. Men så sit me ute i bygdene og ikkje har den dekninga som andre folk får. Slik burde det ikkje vera.

Jimmy Hilleren

SKRUR AV RADIOEN: For Jimmy Hilleren står våronna for døra, og radioen skulle ha vore eit godt selskap gjennom lange arbeidsdagar i traktoren,

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK