Hopp til innhold

Provosert over skuleutspel

Leiar Norvall Nøringset i Opplæringsutvalet er provosert av at Hordaland krev pengar frå Sogn og Fjordane for å halde oppe ein vidaregåande skule.

Norvall Nøringset
Foto: Vegar Erstad / NRK

Det handlar om Austrheim vidaregåande skule i Nordhordland, der det går elevar frå Gulen og Solund. Fylkesrådmannen i Hordaland skriv i si tilråding at skulen må leggast ned om ikkje Sogn og Fjordane kan garantere for eit millionbeløp.

Dette likar Nøringset dårleg.

– Vi får nedgang i elevtalet, vi får mindre pengar å rutte med, og i den samanhengen kan vi ikkje betale for drifta av ein skule i Hordaland, samstundes som vi legg ned skular i vårt eige fylke.

I dag kjøper fylkeskommunen skuleplassar ved Austrheim vidaregåande skule gjennom den såkalla Hordalandsavtalen. Om lag 35 elevar, hovudsakleg frå Solund og Gulen, har plassar som fylkeskommunen kjøper i Hordaland for om lag 100.000 kroner per elev.

Nedleggingstruga

Men no er Austrheim vidaregåande nedleggingstruga. Skulen var føreslått nedlagt, men er teken inn i varmen igjen på visse føresetnader. Fylkesrådmannen i Hordaland ønskjer at Sogn og Fjordane skal forplikte seg til å betale ein fast årleg sum til skulen.

Seksjonsleiar i Hordaland fylkeskommune, Birthe Haugen, grunngjev innstillinga med at elevgrunnlaget i Solund og Gulen er fallande.

– For at vi skal få ein meir forutseieleg situasjon må Sogn og Fjordane betale ein større del av utgiftene, eventuelt at dei garanterer for ein minimumssum årleg.

Ho vil ikkje kommentere påstanden frå Nøringset om at ansvaret blir flytta over på Sogn og Fjordane.

– Ikkje la grensene stenge

Leiar i opplæringsutvalet i Hordaland, Roald Stenseide frå Framstegspartiet, seier politkarane i dei to fylka ikkje må la fylkesgrensene stenge for elevane.

– Eg trur det er viktig at vi ikkje konkluderer korkje Nøringset eller eg før vi har har prøvd å få til eit møte om korleis behova til elevane blir i framtid.