Hopp til innhold

Provosert over sjukehuskritikk

Styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde er provosert over Høgre-politikar Jacob Nødseth sin kritikk av helseministeren.

Harry Mowatt

– FEI FOR EIGA DØR: Høgre har stort sett springe og gøymt seg i sjukehusdebatten, meiner Harry Mowatt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Jacob Nødseth

SLAKTA STATSRÅD-SVAR: Høgres Jacob Nødseth spurde helseministeren om sentralsjukehuset, men fikk stort sett svar om lokalsjukehusa.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Bente Øien Hauge (t.v.) og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

OMSTRIDD: Eit skriflteg svarbrev frå helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) skaper ny strid i Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

– Nødseth må rydde opp i eige parti før han kritiserer helseministeren, meiner Helse Førde-styremedlem Mowatt, som også sit i fylkestinget for Arbeidarpartiet.

– Høgre har gøymt seg

Det var laurdag at Høgre sin vararepresentant til Stortinget gjekk ut på NRK og kritiserte helse- og omsorgsminister Nødset skulda Anne-Grete Støm-Erichsen for å vere feig når ho ikkje vil svare meir konkret om kva som er minstekrava til eit sterkt sentralsjukehus i Sogn og Fjordane.

Kritikken har provosert Mowatt.

– Det eg reagerer på er at Nødseth kritiserer statsråden Han har ein formidable jobb å gjere viss han meiner Sogn og Fjordane Høgre skal engasjere seg i sjukehusdebatten, stort sett har dei sprunge å gøymt seg, meiner Mowatt.

– Politisk korrekt helseminister

Då han nyleg møtte som vara for Bjørn Lødemel på Stortinget, nytta Nødseth nemleg høve til å stille skriftleg spørsmål til statsråden.

«Kva meiner helseministeren er eit minimumsinnhald og grunnlag for eit sterkt sentralsjukehus.», spurde Høgre-politikaren.

Men i svarbrevet frå Anne-Grete Strøm-Erichsen er det lokalsjukehusa som er mest omtalte, og Nødseth er alt anna enn nøgd.

– Det er korrekt å snakke om lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, mens lokalsjukehuset for dei fleste i fylket, det gløymer ein. Og ein gløymer også dei fylkesdekkande spesialistfunksjonane på sentralsjukehuset. Dette må vere det viktigaste og mest grunnleggjande, før ein debatterer dei andre lokalsjukehusa, sa Nødseth til NRK.

Viser til Høgre-vedtak

Mowatt meiner Nødseth i staden for å kritisere bør arbeide for at Høgre tar eit tydeleg standpunkt i sjukehussaka.

– I fylkestinget i april så gjekk Høgre inn for at alt skulle vere slik det er. Og at regjeringa måtte finne pengar sa dei. Og viss Nødseth meiner dette skal vere annleis så håpar eg at han klarar å snu på Sogn og Fjoradne Høgre, slik at vi får ein fornuftig sjukehusdebatt også i det partiet, seier Ap-politikaren.

– Underleg av Mowatt

Nødseth er på si side overraska over utspelet frå Mowatt og meiner det er feil å kalle Høgre utydelege.

Han seier Høgre no har sett ned eit eige sjukehuspolitisk utval. Han er overraska over utspelet frå Mowatt.

– Harry Mowatt kan sjølv velge kva hatt han vil ta på seg, han har fleire hattar som er synlege for oss alle. Eg synest det er underleg at Harry Mowatt vel å ta denne tilnærminga. Han burde først og fremst spørje sin eigen statsråd, slik eg gjorde, om kva ho meiner. Ho har ikkje komme med eit tydeleg svar, og det har heller ikkje hans fylkesleiar Nils P. Støyva gjort. Å kritisere Høgre i denne saka, synst eg er underleg av Harry Mowatt, seier Høgre sin vararepresentant til Stortinget.