Hopp til innhold

Framleis uvisst for Gjermundstad

Vegar Gjermundstad held fram prøvespelinga for svenske Syrianska ut denne helga. Men han veit enda ikkje kor han hamnar til slutt.

Vegard Gjermundstad

PÅ VEG VEKK: Vegar Gjermundstad står no utan kontrakt i Sogndal, og prøvespelar for svenske Assyriska.

Foto: Rune Fossum / NRK

Den sterke forsvarsspelaren frå Vadheim står utan kontrakt med Sogndal, og jobbar hardt for å kunne halde fram fotballkarriera på toppnivå.

– Eg kan ikkje sitje på gjerdet og vente, seier Gjermundstad til Firda før han sette kursen mot Södertälje og fotballklubben Syrianska.

Der har han fått synt seg fram den siste veka, og laurdag spelar han treningskamp mot eit finsk lag.

– Opphaldet har så langt vore positivt, men eg enda ikkje kom det kan bli kontrakt her eller ikkje, seier Gjermundstad til NRK fredag kveld.

Han legg ikkje skjul på at kontrakt med det svenske topplaget er eit mål.

Han registrerer at Sogndal ikkje ønskjer han med vidare på laget.

Det har vore store utskiftingar i Sogndal siste månadene. Til saman har åtte spelarar reist frå Sogndal, og Henrik Furebotn har også varsla at han ikkje ønskjer å fornye kontrakten sin. Også Ole Jørgen Halvorsen og Per Egil Flo ønskjer seg til nye klubbar.

I dag vart det og kjend at den senegalesiske spissen Malick Mane har signert ei toårs-avtale med Sogndal Fotball.

– Vi er no ferdig med jakta på nye spissar, meiner Sogndal-trenar Jonas Olsson.