Hopp til innhold

Prøver å få folk i fleire hus

Det er mange hus som står tomme i distrikta. Det er ikkje fordi ingen vil bu i dei, men at få vil selje. Det prøver to kommunar i fylket å gjere noko med.

Rv55 mot Lambhaug

LUSTER: Kommunen har sett i gang eit prosjekt for å få folk i fleire hus, men det går sakte framover.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Prosessen heng fast i kjenslene til folk. Dei har sterke kjenslemessige band til eigedomane, seier tidlegare leiar for prosjektet «Folk i fleire hus» i Luster kommune, Inger Moe.

«Folk i fleire hus» er eit prosjekt Luster kommune sette i gang i 2010, som skal prøve å få heilårsbusetnad i tomme hus i kommunen.

– Me gjennomfører kartlegging av tomme bustader. Så kontaktar me eigarane per brev. Det er viktig å ikkje buse på, fordi det kan vere eit vanskeleg tema, seier Moe.

Tek lang tid

– Tanken på å selje må modnast. Det er gjerne lange diskusjonar i familiane og det er mange som føler at dei ikkje er dei rette eigarane, at dei berre har eigedomen på lån i sin generasjon. seier Moe.

Den lange prosessen gjer at prosjektet har gått litt i stå.

– Det er gjerne fleire som skal ta avgjersla, og då tek prosessen tid. Men sjølv om det er stillstand i prosjektet, så går det føre seg aktivitet i heimane til folk. Dei må få tid til å tenkje seg om, seier Moe.

Pris mindre viktig

– Det er ingen som trekk fram pris som argument for å ikkje å selje. Det er meir at det blir brukt som feriebustad eller at eit barnebarn skal ha sjansen til å overta, fortel Moe.

Likevel er ho optimistisk og trur fleire kjem til å ta kontakt med dei mot slutten av prosjektet, som varar til 2012.

– Eg trur me jobbar på ein god måte. Røynsle frå andre plassar syner at folk har kontakta prosjektet fleire år etter at det er avslutta, seier ho.

Erfaringar frå andre prosjekt tilseier også at prosjektet må utvidast.

– Dei eg har snakka med har sagt at me må innstille oss på å forlengje prosjektet, fordi ting tek tid. Men det har me har ikkje gjort i Luster enno, seire Moe.

Har stor pågang

Moe har ikkje oversikt over kor mange hus det er blitt lys i etter oppstarten av prosjektet.

– Me har ingen offisielle tal. Nokon kontaktar prosjektet, nokon sel på eige initiativ etter å ha høyrt om prosjektet. Det er eit definisjonsspørsmål, seier ho.

Det manglar ikkje på folk som vil busetje seg inst i Sognefjorden.

– Det er mange som vil flytte til Luster. Og det me ser er at det ikkje er avhengig av jobbsituasjon slik det var for 10 år sidan. Mange kan ta jobben sin med seg, seier Moe.

Systerprosjekt

Leirvik i Hyllestad kommune

LEIRVIK I HYLLESTAD: Prosjektet «Lys i alle husa» skal leggje til rette for tilflytting til kommunen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I Hyllestad vart det starta opp eit liknande prosjekt samtidig med Luster. Det heiter «Lys i alle husa» og prosjektleiar Bernt Ove Hundvebakke fortel at dei allereie har forlenga prosjektet til 2014.

– Etterspørselen er jamn og trutt. Me har fleire som er blitt selde og fleire som er i forhandlingar, men det er ein sak mellom seljar og kjøpar, seier Hundvebakke.

Prosjekta i dei to kommunane blir finansiert av kommunane sjølve og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg har Hyllestad bidrag frå Innovasjona Noreg.

– Me har eit godt samarbeid med fylkeskommunen, som støttar prosjektet økonomisk og fagleg, seier Hundvebakke.

Prosjektet i Hyllestad fokuserer også på bygdeutvikling som ein heilskap.

– Me prøver å skape eit levande bygdesamfunn. Me har engasjert grendelaga for å sjå kva dei kan bidra med til å gjere Hyllestad meir attraktivt. Dei som flyttar hit skal ha eit godt lokalsamfunn å komme til. Vår største utfordring er mobil- og breibanddekning. Manglande dekning er ein hemmar for tilflytting, seier Hundvebakke.