Hopp til innhold

Første steg mot ny bru i Sogndal

Den gamle brua er ein flaskehals frå 1958. No er det første arbeidet på ny Loftesnesbru starta.

Så er dei i gong med prøvepeling på den nye brua

Sjå Korleis dei prøve-pelar fyrste pålen til brua. Foto/red: Heidi Lise Bakke

Loftesnesbrua i Sogndal

SNART HISTORIE: Loftesnesbrua på rv. 5 i Sogndal blir erstatta av ny bru i 2016.

Foto: Bjørgulv Mykland

Ein kan høyre det over store deler av Sogndal når 60 meter lange pelar blir banka ned i sjøbotnen. Like ved brukara til den eksisterande Loftesnesbrua har ein diger lekter dei siste dagane vore i arbeid.

– I første omgang utfører vi prøvepeling for å sjå korleis den gamle brua blir påverka av arbeidet vi skal gjere, fortel byggjeleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Ser fram til ny, brei bru

I ei årrekkje har sogndøler og andre vegfarande venta på ny og breiare bru. Då statsbudsjettet for 2013 vart lagt fram hausten 2012 kom gladmeldinga: Det blir ny bru. Lovnaden om midlar stadfesta då Stortinget våren 2013 vedtok Nasjonal transportplan.

Gunnar Solbakken

BYGGJELEIAR: Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Byggjeleiaren, som sjølv er innfødd, seier han opplever stor entusiasme rundt arbeidet som no har starta.

– Det er ein veldig positivitet rundt prosjektet. Folk tykkjer den gamle brua er fin, men ho er altfor smal. No får vi ei ny bru med gode forhold også for gåande og syklande.

...men startar ikkje for fullt no

I første omgang er det likevel berre snakk om det Vegvesenet kallar prøvepeling.

– Dette er det første vesle steget mot ny bru. Pelane vi no set ned blir ståande, men sjølve arbeidet med brua begynner ikkje før utpå hausten.
Den gamle blir ståande til den nye er på plass.

(Artikkelen held fram under videoen)

Gunnar Solbakken dagleg leiar viser fram teikningane over den nye LOftesnesbrua

SJÅ: Byggjeleiar Gunnar Solbakken viser teikningane av nybrua. Foto/red: Heidi Lise Bakke

60 meter – utan å treffe fjell

Arbeidet som no går føre seg skal vere avslutta i neste veke, etter nokre intense dagar. Heile anleggslekteren veg 84 tonn. 12 tonns kraft må til for å slå pelen ned i sjøbotnen.

– Djupna er berre 11 meter, men det er mykje lausmassar under sjøbotnen.

Dermed må ein langt ned for å finne feste.

– Likevel blir dei ståande i masse. Dei møter ikkje på fjell, seier byggjeleiaren.

Når NRK.no er på staden har arbeidarar nett skøyta saman fleire røyr, ved hjelp av sveising, og er klare for den fyrste prøvepelinga.

Røyret er til saman 60 meter langt, og veg ca 500 kg per løpemeter. Samla blir det 30 tonn som skal ned i sjøbotnen.

– Grunnforholda er som forventa. Vi har tatt mange prøvar i forkant, men utfordringa er nærleiken til eksisterande bru, forklarer byggjeleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Loftesnesbrua

SLIK BLIR DEN: Slik skal den nye Loftesnesbrua sjå ut. Håpet er å ha den klar til sommartrafikken i 2016.

Foto: Statens vegvesen / skisse

Vil påverke trafikken

Når sjølve byggjearbeidet tek til utpå hausten, skal trafikken halde fram over den gamle Loftesnesbrua. Først etter at den nye er teken i bruk, blir den gamle fjerna.

Målet er å opne nyebrua for trafikk til sommaren 2016. Imens vil trafikantane merke byggjearbeidet.

–Det vil dei heilt klart. Det vil bli trafikale utfordringar. Vi skal freiste å handtere dette på best mogleg måte, men det er ein stad med stor trafikk, der det også er eit kryss tett på. Då vil ein merke at det blir byggearbeidet, seier Solbakken i Statens vegvesen.