Øystein Eliassen prosjektdirektør i RWE-DEA Norge seier dette er spennande.
Det vart gjort fem prøveboringar på Måløyblokka for tjue år sidan, og då vart det funne gass i to av brønnane. Men desse funna vart den gongen ikkje rekna som kommersielt interessante nok av lisenshavaren, og for ti år sidan leverte dei lisensen tilbake til den norske staten.
I dag kan det likevel godt hende at ein finn blokka interessant å drive, ettersom billegare utvinningsteknologi og høgare oljeprisar har gjort at funn som tidlegare ikkje var lønsame no kan lønne seg å vinne ut.
Øystein Eliassen seier at det vil kunne ta fleire år før ein veit om ein gjer funn som er drivverdige, og kva konsekvensar eit funn vil få for Sogn og Fjordane.
Dersom ein vel ei utbyggingsløysing der olje eller gass blir ført i leidningar til Kontinentet, vil det skape få arbeidsplassar i fylket. Men dersom ein vel å føre det ein finn i land, kan det skape stor aktivitet i Sogn og Fjordane.