Hopp til innhold

– Vi skal flagge den dagen gruvedrifta startar!

VEVRING (NRK): Allereie i februar startar gruveselskapet Nordic Mining prøveboring i Engebøfjellet i Naustdal. Tysdag inviterte dei bygdefolket til informasjonsmøte i Vevring.

Vevring informasjonsmøte, Gruvedrift

KLAR MED FLAGG: F.v. Arvid Løvik og Roald Kvammen i samtale med ordførar Håkon Myrvang under informasjonsmøtet i Vevring tysdag kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

På fremste rad sat to eldre karar frå Redal som synte seg å vere svært begeistra for prosjektet. Arvid Løvik sa under møtet at han ville flagge den dagen utvinninga starta.

– Ja, det skal eg gjere, og det er mange med meg, seier Løvik.

Sjølv om han under møtet fekk høyre at det berre var han som kom til å gjere det, fekk han støtte frå sambygdingen Roald Kvammen.

– Det er klart vi må heise flagget. Dette er positivt. Vi treng desse arbeidsplassane. Og mesteparten av folka i Redalen er for dette prosjektet, seier Kvammen.

Dei komande to månadane skal det borast døgnkontinuerleg for å ta grundigare prøvar av fjellet, som dei skal utvinne mineralet rutil frå.

Skal bore 6000 meter

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

KLARE TIL PRØVEBORING: Mona Schanche, utforskingsleiar i Nordic Mining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nordic Mining møtte både kritikk og hyllest tysdag kveld då dei informerte bygdefolket om at dei no set i gong prøveboring i Engebøfjellet.

– Det har vore mykje engasjement. No tar vi prosjektet til neste fase, og heilt klart ein nødvendig del av prosjektutviklingsarbeidet som ein må gå gjennom fram mot ei finansiering, fortel Mona Schanche i Nordic Mining.

To boreriggar skal bore 37 hol i løpet av dei neste to månadane, til saman 6000 meter med borekjerne. Det er det finske selskapet Kati OY som skal gjere jobben. Dei skal jobbe døgnkontinuerleg.

Prøvane som dei borer opp skal fraktast med ein varebil til Naustdal. Det blir cirka ein biltur om dagen. Der ventar to geologar som skal granske prøvane.

På sikt er det venta at det skal vere 170 tilsette ved dotterselskapet Nordic Rutile i Naustdal.

– Ikkje lenger berre fantasi

Lis Maria Munkvold,

BERRE FANTASI: Lis Maria Munkvold er innbyggjar på Gryta ved Engebøfjellet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lis Maria Munkvold bur på Gryta og blir ein av dei nærmaste naboane til dagbrotet.

– No har vi fått ein peikepinn på kva type støy og trafikk det blir. Så eg ser ikkje mørkt på desse to åra. Det er godt at det kjem i gong. Fram til no har vi berre latt fantasien få utspring, seier Munkvold.

Mange frykta for støy og støv frå boringa. – Det blir ikkje noko støv, og svært avgrensa motorlyd, seier Schanche.

Utbygginga startar tidlegast i 2018

Folk har vore uroa over at det ikkje kjem til å vere tilflytting til desse bygdene. Ap-ordførar Håkon Myrvang var også til stades og meiner det er lagt til rette for tilflytting.

– Her er lagt til rette for 100 bueiningar. Så dette er ei kjempemoglegheit for denne delen av kommunen, seier han.

Og Nordic Mining ser føre seg å starte pilotproduksjon mot slutten av året. Tidlegaste i 2018 kan sjølve utbygginga starte.

Informasjonsmøte Vevring, Gruvedrift

INFORMASJON TIL BYGDA: Rundt 30 personar møtte opp til informasjonsmøtet Nordic Mining hadde i Vevring tysdag,

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK