NRK Meny
Normal

Politiet skulle eskortere brei transport - enda med å gje vogntoget køyreforbod

Eit utanlandsk vogntog fekk i føremiddag køyreforbod av politiet då det var på veg over Strynefjellet.

Laster kart, vennligst vent...

FEKK KØYREFORBOD: Vogntoget står ved brøytestasjonen på riksveg 15 over Strynefjellet.

– Køyretøyet hadde sommardekk på hengaren, og sjåføren hadde heller ikkje med brukande kjettingar, seier politibetjent Jan Tore Sunde ved Stryn lensmannskontor.

Politipatruljen var tilkalla for å eskortere vogntoget over fjellet, det var ein ekstra lang transport. Men det enda med at dei nekta vogntoget å køyre ein meter lenger på eiga hand.

– Vi såg at det ikkje var skodd godt nok til å køyre ned fjellet på ein forsvarleg måte. Difor fekk vogntoget køyreforbod inntil dette blei utbetra.

Ein bil frå Jan´s bilberging i Stryn er no på veg opp på fjellet for å syte for at det kjem trygt ned derifrå. Vogntoget står ved brøytestasjonen på riksveg 15 over Strynefjellet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser