NRK Meny
Normal

Prøvde hjelpe - vart truga med kniv

Bilistar som kom først til staden etter busskapringa på fylkesveg 53 mellom Årdal-Tyin vart truga med kniv. Tre personar er no stadfesta drepne, opplyser politiet.

Buss kapra i Årdal - ambulanse på staden

DREPNE: Tre personar er drepne etter at ein buss vart kapra i Årdal kommune.

Foto: Jan Crhsitian Jerving / NRK

Veit du noko om dette? Tips oss på 03030 eller 03030@nrk.no

Politiet fekk melding om alt Valdresekspressen på veg frå Årdal og austover mot Oslo var kapra i området ved Holsbru like etter klokka 17.30 måndag kveld.

Klokka 19.35 stadfestar politiet at tre personar er drepne. Ein mann i 30-åra er pågripen, han skal ha vore væpna med kniv. Det var brannvesenet som kom først til staden som fekk pågripe mannen, får NRK opplyst av politiadvokat Jørn Lasse Refsnes.

Politiet jobbar no med då varsle dei pårørande.

– Vi jobbar vidare med å handtere åstaden, seier Refsnes til NRK.no.

Rakk akkurat å gå av

18 år gamle Keilon Stenfeldt Nilsen hadde akkurat gått av bussen som vart kapra måndag kveld.

– Eg hadde utruleg flaks, seier han til Ba.no.

Nilsen gjekk av bussen i Årdal. Kort tid etter begynte dramaet som enda med tre drepne.

– Ein tenker ikkje over at noko slikt kan skje. Det er jo forferdeleg. Eg tenker berre at eg hadde så utruleg flaks, seier 18-åringen til avisa.

Vart truga med kniv

Vegard Jevnaker Melheim frå Årdal og faren hans var på veg heim frå hytta på Tyinkrysset. Like ved Holsbruvatnet, vel ti kilometer frå Øvre Årdal, vart dei møtte av fleire bilar som stod i vegbana. Jevnaker Melheim fortel til TV2.no at dei vart åtvara frå bilistar som hadde kome tidlegare til staden.

– Det stod ein bil i vegen, og dei som stod der fortalde at det var ei busskapring vel 50 meter lenger framme, seier han til NRK.no.

– Dei som hadde prøvd å ta seg inn i bussen for å hjelpe hadde blitt truga med kniv, seier 22-åringen som er skaka over det som har skjedd.

– Eg sit med ei rar og ekkel kjensle, seier han til NRK.no.

Fekk beskjed om å halde seg i bilen

Det skal vere tåkete og snøføyke i området på fjellovergangen i Sogn. Då Jevnaker Melheim kom til staden fekk dei beskjed frå dei andre om å halde seg i bilane, seier han til TV2.no.

– Om det kom personar gåande, skulle vi komme oss vekk fordi det var kome med drapstrugslar, seier han til nettstaden.

Jevnaker Melheim seier til NRK.no at det var lite dei kunne sjå.

– Det var lite vi kunne sjå. Det einaste vi kunne sjå var at bussen stod i ro. Den stod litt skrått og merkeleg til i bilen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kapra buss i Årdal

KAPRA BUSS: Tre personar er drepne etter at ein buss vart kapra på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Foto: Jan Christian Jerving

– Hadde aldri trudd noko slikt kunne skje

– Dei som kom først til hadde teke seg fram til bussen. Dei såg at det var folk i bussen som trong hjelp, men der vart dei truga med kniv, seier han til NRK.no.

Den første meldinga gjekk ut på at det var ei trafikkulukke, brannmannskapa kom først til staden og fekk pågripne mannen får NRK opplyst av politiet.

– Tre personar er stadfesta drepne. Vi har ikkje opplysingar om at andre skal vere skadde, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til NRK.no klokka 19.35.

Jevnaker Melheim er skaka over det som har skjedd.

– Du begynner å lure... Dette er ein situasjon eg aldri hadde sett for meg at eg skulle kome oppi. Det er ekkelt når folk kjem bort til glasruta på bilen din og seier dei er ei busskapring like ved.

– Vi er vande med at Årdal er ei trygg bygd å bu i. Plutseleg skjer dette rett utanfor bygda vår, og du er plutseleg midt oppi det. Det ei ekkel kjensle, seier han.

Bussjåfør drepen i 2003

Det er andre gong i løpet av ti år at Valdresekspressen er utsett for kapring.

I 2003 vart bussjåfør Audun Bøland drepen med kniv, då ein 26 år gamal mann kapra bussen i Fagernes.

Den gong overlevde 34 passasjerar. Den 26 år gamle gjerningsmannen vart erklært psykotisk. Eitt og eit halvt år seinare vart han sleppt ut frå behandling. Før han drap bussjåføren hadde mannen drepe ein annan asylsøkjar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser