Hopp til innhold

Prøvde å tenne på ungdomsskule

To ungdomar forsøkte å tenne på Gloppen ungdomsskule på Sandane natt til fredag.

Gloppen ungdomsskule
Foto: Olav Søreide

Politiet vart kontakta av rektor på skulen i halv elleve-tida, som hadde fått tipsa om brannstiftinga.

- Det kom inn melding om at nokon prøvde å tenne på skulen. Ein skule representerer store verdiar, så vi ser svært alvorleg på hendinga, seier Leif Bell ved operasjonssentralen.

Ungdomane skal ha forsøkte å tenne på oppetter ein vegg, men i følgje alarmsentralen fekk ein raskt sløkt branntilløpet.

Politiet pågreip ein av dei to ungdomane og sette han i fyllearresten. Det skal ha vore fleire ungdomar som var vitne til brannforsøket. Politiet etterforskar saka.