NRK Meny
Normal

Prøvde å stogge skipet

Gulen kommune prøvde å stoppe skandaleskipet Probo Emu før skipet la til kai. Eit halvt år seinare eksploderte lasta.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

- Gulen tok dette opp med bedrifta først munnleg og så skriftleg i god tid før det small på Vest Tank for å få eit svar på kva dette var, seier ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Alt lenge før den fatale eksplosjonen på Vest Tank sitt anlegg den 24. mai i fjor hadde Gulen-ordførar Trude Brosvik ropt varsku mot skipet Probo Emu.

Les og: - Vi er uskuldige

Les og: Ingen kontroll av tankskip

Døyddde i Elfenbeinskysten

For kommunen vart kraftig uroa oktober året før. Då fekk dei fekk nyss i at søsterskipet til Probo Koala som hadde hatt ei last som kan ha teke livet av 14 menneske i Elfenbeinskysten var på veg til Sløvåg.

- I oktober då det var snakk om at Probo Emu skulle kome til kai engasjerte vi oss for å prøve å hindre at den skulle kome inn. Vi nådde ikkje fram fordi Vest Tank kunne legge fram ei pressemelding om at dei hadde hatt kontakt med Statens Forureiningstilsyn og at dei ikkje hadde merknader, seier Brosvik.

Hadde aldri løyve

Men Bjørn Bjørnstad i SFT fortel at dei aldri gav noko løyve, men berre ei generell orientering om regelverket på området.

- Vi har ikkje gitt noko løyve til Vest Tank på dette området. Dette er ei av hovudårsakene til at vi har meldt Vest Tank til Økokrim, seier Bjørnstad.

- Visste ikkje

Advokat til Vest Tank sitt anlegg Per Magne Kristiansen seier i ein kommentar at dei aldri har ført nokon med vilje bak lyset og at selskapet ikkje visste at dei hadde ulovleg avfall ombord i skandaleskipet som altså kunne blitt stoppa alt i 2006.

- På tidspunktet då den båten kom inn var vi overtydde om at det einaste som var om bord, var slopp, seier Per Magne Kristiansen.

Eit halvt år seinare eksploderte lasta frå båten, og i dag slit innbyggarane i området framleis med helseplager.

Les og: Skeptisk til utvidingsplanar

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser