NRK Meny
Normal

Prøv deg på helgequizen

Prøv deg på nye oppgåver om mykje og mangt frå Sogn og Fjordane.

1/11 Viktig fokus på likestilling

Marianne Solheim Rotihaug og Christina Cantero
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei to journalistane Marianne Rotihaug og Christina Cantero har klart å løfte fram kvinner i avisspaltene. Men kva heiter lokalavisa dei jobbar for?

2/11 Ung kvinne på toppen

Marie Havnen
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Yngve Årdal gjekk brått av som sjefredaktør i avisa Firda. No er det denne 30 år gamle kvinna som skal leie den største avisa i fylket. Men kva heiter ho?

3/11 Kjempar om nestleiarverv

Siri Sandvik og Kristin Maurstad
Foto: Montasje/NRK

Under årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti kjempar to kvinner om nestleiarvervet. Kva heiter dei?

4/11 Moro med ski og hest

Hesteskikøyring på Digrenesvatnet
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Tøffe hestefolk i Sunnfjord har teke i bruk eit islagt vatn med eiga løype til leik og moro med hest. Kva heiter dette vatnet?

5/11 Flotte ferjer

Nye ferjer frå Havyard til Fjord1
Foto: Havyard

Fjord1 har inngått kontrakt om bygging av i alt sju nye ferjer. Kvar ligg verftet som skal utruste og klargjere fem av ferjene?

6/11 Mektig fjell over industristad

Gråberget i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Høyanger ligg det eit svært fjell over sentrum. Kva heiter dette fjellet?

7/11 Norges sjette lengste fjord

Ny cruisekai i Nordfjord
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Nordfjorden er den sjette lengste i Norge. Men kor lang er fjorden frå vest til aust?

8/11 Rådyrt lyskryss

Lysregulering ved Bergumkrysset i Førde
Foto: Arkivfoto/privat

Politiet har den siste tida intensivert kontrollane i det lysregulerte anleggsområdet utanfor Førde sentrum. Kva heiter dette krysset som no skal få rundkøyring?

9/11 Fylkesordførar i sør

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland
Foto: Sølve Rydland / NRK

Denne kvinna er frå Sogn og Fjordane, men er fylkesordførar i Hordaland. Kva heiter ho?

10/11 Popoulært skisenter i indre

Køyrer i Sogn skisenter
Foto: Håvard Nesbø / NRK

Sogn og Fjordane har mange flotte skianlegg. Men kva heiter skisenteret som ligg på Hafslo i Indre Sogn?

11/11 Sjeldan jakt

Ulven i Naustdal
Foto: Elias Engevik / NRK

Ulv er slett ikkje vanleg på våre trakter. Denne ulven er den førebels siste som har blitt skoten her i fylket. I kva kommune skjedde det?

Vegopning på Bergum i Førde kommune