Hopp til innhold

Prøv deg på ein ny quiz frå Sogn og Fjordane

Test kva du har fått med deg av stort og smått dei siste dagane.

1/9 Når kjem Kristi himmelfartsdag?

Førde kyrkje
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kristi himmelfartsdag er alltid på ein torsdag. Kor mange dagar kjem denne dagen etter første påskedag?

2/9 Stein hagla over skule

Skade på vegg etter sprengingsuhell ved Brandsøy barneskule, Florø
Foto: Privat

Knuste takstein og hol i veggen. Dette er skadene ein skule fekk etter at steinar hagla på skulen grunna eit sprengingsuhell. Kvar skjedde dette?

3/9 Kva testa dei seg for?

Helsesøster Jorunn Eldegard på Hafstad VGS
Foto: Ole Heilevang / NRK

Det blei lange køar utanfor kontoret til helsesøster då Hafstad vidaregåande skule i Førde arrangerte ein spesiell type dag. Kva testa russen seg for?

4/9 Kva sport?

Bjarne Nikolai Huus
Foto: Michael Gomez

Dette trofeet har ikkje ein nordmann løfta på over 30 år. I helga kunne Bjarne Nikolai Huus gjere nettopp det etter at laget hans vann den amerikansk seriemeisterskapen. Kva idrett snakkar vi om?

5/9 Når forsvinn denne?

Snøhaug ved Jostedalen Industrier som bygda tippar kor tid vil forsvinne
Foto: Jostein Aasen

Kva skjuler seg under denne store snøhaugen? Jo, heider og ære om du klarar tippe rett om kor tid den forsvinn. Kvar er dette?

6/9 Tilbake i Sogndal

Kjetil Wæhler i aksjon mot Sandnes Ulf
Foto: Christian Blom

Veteranen Kjetil Wæhler er tilbake i Sogndal-trøya. Kor gammal er han?

7/9 Kva fann dykkarane?

Bilete til quiz

På jakt etter fisk og planter kom dykkarar i hamnebassenget i Florø over noko som stakk seg ut. Kva var det?

8/9 Kva heiter han?

Lars Monsen
Foto: Håvard Jenssen / NRK

Denne karen og NRK skal gå minutt for minutt i sommer, mellom anna i Jotunheimen. Hugsar du kva han heiter?

9/9 Kva fjell er dette?

Store Skagastølstind
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi har mange flott fjell i Sogn og Fjordane. Veit du kva dette fjellet heiter?