Hopp til innhold

Protesterer via storskjerm i Måløy

I kampen for lokalsjukehusa tek forkjemparane i bruk teknologi for å vise si misnøye.

Måløy torg

SAMLAST: Her på torget i Måløy håpar arrangøren at 2000 skal komme for å vise sin misnøye med kutta i sjukehusa.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi som har starta dette har som mål å få 2000 med i demonstrasjonen i Måløy, seier ein av initiativtakarane Øyvind Reed.

Busslast med folk

Stortinget

PÅ STORSKJERM: Dei som demonstrerer i Oslo vil kunne følgje demonstrasjonen frå ein storskjerm utanfor Stortinget.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

For måndag morgon reiser fleire busslass med folk frå fylket til Oslo for å demonstrere for lokalsjukehusa framføre Stortinget. Slett ikkje alle har høve til å ta turen, men ønskjer likevel å støtte opp.

Difor vil dei ta teknologien i bruk i Måløy.

- Det var ein ide som dukka opp under nokre brødskiver i lunsjen. Eg er i eit firma som har slik teknologi tilgjengeleg. Så vi skal vise det som ein videokonferanse her i Måløy, seier Reed.

Storskjerm

Sjukehusaksjonistar

BUSSLAST: Det er fleire bussar som reiser til Oslo måndag fulle med aksjonistar som kjempar for lojaksjukehuset sitt. Her frå ein tidlegare demonstrasjon.

Foto: Ole Ramshuns Sælthun / NRK

Arrangørane har leigd ein storskjerm på 50 kvadratmeter som skal stå ved Stortinget i Oslo, slik at dei som er i demonstrasjonstoget der får med seg demonstrasjonen frå torget i Måløy.

- Vi vil vise at sjukehuskampen betyr mykje for oss sjølv om vi ikkje har mogleheit til å reise til Oslo. Det er mange ildsjeler som har engasjert seg sterkt i saka, og no var det på høg tid at også vi engasjerer oss, seier han.

1000 faklar i toget

Øyvind Reed

HÅPAR PÅ 2000: Øyvind Reed har hatt hektiske dagar før aksjonen måndag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Går alt som arrangørane vil, vert det 1000 skinnande faklar i toget måndag.

- Vi veit jo ikkje kor mange som kjem, men vi har sendt ut invitasjonar og pressemeldingar til mange. Så får vi sjå korleis det går. Men folk må møte i god tid før klokka 16.00 måndag, for vi byrjar sendinga like før aksjonen i Oslo startar, seier Reed.