NRK Meny
Normal

Protesterer mot sjødeponi

– Vi demonstrerer mot at regjeringa vil bruke ein nasjonal laksefjord som søppelfylling. Det seier Maria Angela Thingnes.

Demonsterer mot fjorddeponi

AKSJON MOT DUMPING AV GRUVEAVFALL: Stormarkering framfor Stortinget mot gruveavfall i norske fjordar.

Foto: Maria Angela Thingnes

Saman med 11 andre frå Vevring er Thingnes laurdag i Oslo for demonstrere framfor Stortinget.

Bakgrunnen for demonstrasjonen er at kommunalminister Jan Tore Sanner 20. mars i år sa ja til gruveplanane i Kvalsund i Finnmark. Der har gruveselskapet Nussir planar om dumpe gruveavfall i Repparfjorden.

Maria Angela Thingnes

FRYKTAR GRUVEPLANAR: Maria Angela Thingnes demonstrerer framfor Stortinget.

Foto: Privat

– Vi er jo sjølvsagt redde for at det same skal skje med vår fjord, som det som no er i ferd med å skje i Repparfjorden.

Planar om sjødeponi

I Vevring har Nordic Mining har søkt om løyve til gruvedrift. Planen er å deponere overskotsmasse frå gruvedrifta i eit sjødeponi i Førdefjorden.

Om lag fire kilometer av fjordbotnen vil bli lagt aude over ein periode på 50 år.

Deponiløysingar for framtida

Elisabeth Gammelsæter

MEINER SJØDEPONI NOKRE GONGER KAN VERE DET BESTE: Elisabeth Gammelsæter, generalsekretær i Norsk Bergindustri

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien

– Nokre gonger er den mest miljøvenlege løysinga å deponere gruvemassar i sjøen, framfor å gjere det på land.

Det seier Elisabeth Gammelsæter som er generalsekretær i Norsk Bergindustri.

– Seier ein nei til deponering, seier ein i praksis nei til mineralutvinninga.

Gammelsæter seier Norsk Bergindustri er opptekne av at debatten kring mineralutvinning i Norge skal vere så opplyst og faktabasert som mogleg.

– Vi aksepterer at deler av miljørørsla ikkje ynskjer mineralutvinning i Norge. Men vi vil og minne om at behovet for mineral til bruk i infrastruktur, teknologi, bilar, solceller og liknande ikkje vil minke.

– Ved å strupe den norske mineralnæringa, gjer ein seg endå meir avhengige av import av mineral frå land der miljø og rettane til arbeidarane står langt svakare enn i Norge.

framfor Stortinget

I Oslo møtte kring 500 personar frå heile landet framfor Stortinget laurdag føremiddag. Frå Vevring hadde 12 personar tatt turen til hovudstaden for å demonstrere.

Framfor Stortinget blei det appellar frå Naturvernforbundet, ulike politiske parti og frå deltakarane frå Vevring.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Demonstrerer mot sjødeponi

DEMONSTRERER MOT SJØDEPONI: Aksjonistar frå Vevring demonstrerer framfor Stortinget.

Foto: Maria Angela Thingnes

– Vi har også med oss sjømat frå Førdefjorden, så folk kan få smaksprøvar, og sjå kva som kan kome til å forsvinne.

– Kva trur du kan kome ut av ein slik demonstrasjon?

– Vi håpar jo at vi blir sett og høyrde. At folk som framleis er for, skal sjå galskapen i det, og at dei som ikkje har vore så opptekne av dette tidlegare, no skal få auga opp for kva som er i ferd med å skje.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser