Hopp til innhold

Protesterer mot nedlegging

Arbeidarpartiet vil ikkje godta nedlegging av Bioforsk sine stasjonar, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Bioforsk Vest Fureneset

PROTESTERER: Ap protesterer på forslaget om å legge ned forskingsstasjonen til Bioforsk på Fureneset i Fjaler, som har halde det gåande i 76 år.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi ser veldig alvorleg på at dei vil legge ned Bioforsk rundt om i landet. Dei forskar på jordsmonn og skal gjere det betre for bøndene. Det er ikkje mogleg å godta, seier Heggø.

Ingrid Heggø

ALVORLEG: Det er alvorleg at ein vurderer nedlegging, seier Ingrid Heggø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter 76 år går det mot slutten for forskingsstasjonen Bioforsk Vest på Fureneset i Fjaler. Styret i Bioforsk vil legge ned stasjonen i Fjaler, i tillegg til stasjonane Holt i Tromsø og Løken i Valdres.

Grunnen er økonomiske problem og ein kommande fusjon med Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking.

– Store konsekvensar for Vestlandet

Ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap), har bede om eit møte med landbruksministeren for å snakke Fureneset sin sak.

– Det føregår mykje viktig forsking rundt dei spesielle klimatiske forholda på Vestlandet. Ei nedlegging vil ha store konsekvensar langt utover vår kommune, seier Helle.

Forskingsstasjonen på Furneset utviklar og testar grassortar og grovfôr som skal vere godt eigna for klimaet på Nord-Vestlandet.

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, skjønar ikkje logikken i forslaget.

Helga Pedersen

TENK MOTSETT: Hald forsking og forvaltning i nærleiken av næringane, sa Helga Pedersen til fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Ap.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det kan vere riktig å gjere ting på andre og nye måtar. Men her flyttar du landbruksforskinga bort frå der landbruket er. Det er eigentleg akkurat det same som forslaget om Fiskeridirektoratet. Eg meiner vi må tenke motsett. Vi lykkast best der forvaltning og forsking er i nærleiken av næringane.

– Må følge opp mot regjeringa

Både Bondelaget og forskarane sjølve har uttrykt uro over nedleggingsforslaget.

lnterimsstyret for det nye instituttet skal handsame saka i dag, før saka går til Landbruks- og matdepartementet.

Arve Helle

FJALER-ORDFØRAR: Arve Helle.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fjaler-ordføraren er nøgd med signala frå partiet sine sentrale representantar, og vil følgje saka vidare.

– No veit eg kva partiet vil jobbe for. Så kjem vi sjølvsagt til å følgje opp mot regjeringspartia, som er dei som til sjuande og sist avgjer, seier Helle.