Hopp til innhold

Årdøler protesterer mot helsehus

150 personar i Årdal demonstrerte tysdag for å markere motstand mot at det skal investerast nær 15 millionar kroner i eit nytt helsesenter i kommunen som slit med økonomien.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Hovudtillitsvald Jane Stedje i Fagforbundet i Årdal heldt appell under demonstrasjonen. Foto: Christian Blom/NRK

– Eg set spørsmålsteikn ved at det på eine sida skal sparast inn på stillingar, tilbod til born, unge og eldre medan dei samtidig skal vurdere å investera 15 millionar kroner i eit nytt helsehus, seier initiativtakar til protesten, Jane Stedje

Søndag ettermiddag la ho ut ei statusoppdatering på Facebook der ho oppmoda årdølar til å møta opp ved rådhuset på Årdalstangen tysdag klokka 18.00. Bodskapen var klar; nok er nok.

– For elleve år sidan sat eg for fyrste gong i ei gruppe som skulle drøfte samanslåing av legesentera i Årdal Kommune. Vi hadde mange møter og diskusjonar, og forslaget vart lagt flatt fleire gonger, fortel Stedje.

Ho legg til at ho såg ein tendens før førre kommuneval, der saka om helsesenteret enda ein gong vart lagt på is.

– Då valet var over, kom saka på bordet att.

Innsparingar for å få råd til helsesenter

Ho er tydeleg på at det ikkje er sjølve samanslåinga som er saka her, men pengebruken.

Jane Stedje sit som hovudtillitsvald i Fagforbundet i Årdal, og eit utdrag av statusoppdateringa på Facebook fortel følgjande: ”Førre veke skulle HTV hatt eit møte med rådmannen om kutt i budsjettet og mogeleg oppseiingar av tilsette. Dette møtet er utsett og eg tenker meg kvifor?”

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Jane Stedje

HELDT APPELL: Jane Stedje, initiativtakar til protesten.

Foto: Christian Blom / NRK

Begeret rann over for Stedje då dette møtet vart utsett til etter at kommunestyret skal fatte vedtak på planane med helsesenter. På førstkomande torsdag skal komunestyret ta endeleg avgjerd i saka.

Fleire er samde med initiativtakaren; dette gjeld ikkje sjølve samanslåinga, men korleis pengane vert nytta med den økonomiske stoda Årdal kommune er i.

– Det er heilt forferdeleg. Vi kan ikkje forlange to av alt, slik det tidlegare har vore her i bygda. Men akkurat no når dei (sitjande kommunestyre og rådmann journ.mrk) har skakkøyrd oss, passar det seg ikkje å bruka så mykje pengar, fortel Gerd Jakobsen.

– Frykt

Mange gjev inntrykk av å ville stemme annleis ved neste kommuneval. Nokre held seg tause og ynskjer ikkje å gje noko synspunkt i saka.

Jane Stedje fortel at ho har fått tilbakemelding frå fleire som gjerne ynskjer å syne si støtte, men i frykt for å verte attkjend nikkar dei i staden i det stille.

Då NRK Sogn og Fjordane sin utsende kontakta ordførar Arild Ingar Lægreid klokka 15.00 i dag, svarte han følgjande:

– Eg er ikkje kjend med dette (markeringa. Journ.mrk). Det er stort engasjement rundt denne saka her i bygda. Kva andre gjer i forhold til denne saka, legg eg meg ikkje borti.

– Kommunestyret og rådmannen køyrer sitt løp uansett kva vi gjer no. Eg ventar ikkje at dei skal snu i denne saka, då har dei misforstått meg. Denne markeringa har eg gjort for å syne at det faktisk sit mange og ristar på hovudet over Årdal kommune sin pengebruk, seier Stedje.