NRK Meny
Normal

Går saman i kampen mot gruvedrift

Fiskeri- og oppdrettsnæringa, maritime leverandørar, villaksinteressene og reiselivsnæringa har samla seg om eit større opprop mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Samlar seg mot fjorddeponi

STÅR SAMAN: F.v. Ole Johan Eilertsen, fiskeslakteriet Florø og Brekke, Per Vidar Ottesen, Norwell, Wenny Irene Hansen, FjordKysten, Atle Frøysland, Stiftinga Norsk Villaksforvaltning, Ingvar Osland, Flokenes Fiskefarm og Jan Arne Holm, Fishguard står samla om å protestere mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Foto: Bård Siem / NRK

Fem representantar frå fiskeri- og oppdrettsnæringa og éin frå reiselivet heldt i går felles pressekonferanse i fiskeriverksemda Fishguard sine lokale i Florø.

Dei protesterer mot den planlagde gruvedrifta som Nordic Mining ønskjer å starte opp i Vevring i Naustdal.

Nordic Mining hevdar gruvedrifta vil skape 170 nye arbeidsplassar i Naustdal og totalt 500 arbeidsplassar på landsbasis. Men fiskeslaktar Ole Johan Eilertsen fnys av dette.

– Kunne vi ha ureina så mykje som det Nordic Mining legg opp til, ville vi kunne skape langt fleire arbeidsplassar, seier Eilertsen.

Bryt med «føre var»-prinsipp

I oppropet, som mellom anna vil bli sendt til sentrale aktørar i regjeringsapparatet, går det mellom anna fram at deponering av gruveslam i fjordar bryt med «føre var»-prinsippet.

Vidare heiter det at fjorddeponering er lite akseptert i internasjonal samanheng, og at det bryt med intensjonane i Vassdirektivet og Naturmangfaldslova.

Det blir også vist til at det representerer gårsdagens teknologi i eit land som vil satse på reint miljø og berekraftige løysingar.

Meiner miljøet er sårbart

I oppropet heiter det vidare mellom anna: «Ein NINA-rapport peikar på mangelfull kunnskap og betydeleg uvisse om kva påverknad fjorddeponiet kan ha for laks, og at slik kunnskap er totalt fråverande når det gjeld sjøauren.

Nettopp sjøauren er ein av dei artane i fjorden som vil vere mest sårbar».

250 millionar tonn gruveavfall

Engebøfjellet i Naustdal inneheld ein av verdas største førekomstar av rutil, eit mineral det er stor internasjonal etterspurnad etter, mellom anna fordi det blir brukt innanfor produksjon av medisin, miljøteknologi og romfart.

Nordic Mining har fått konsesjon for å vinne ut rutil, og spørsmålet om Førdefjorden kan nyttast som dumpingplass for 250 millionar tonn gruveslam ligg no til endeleg handsaming i Miljøverndepartementet.

Vil gå utover oppdrettsanlegg

I oppropet blir det vidare vist til at det i utsleppsområdet er fleire oppdrettsanlegg for laks, og at minst éin av desse må leggje ned drifta viss det blir oppstart av gruvedrift.

I nærområdet vil dei få problem med å finne alternative plasseringar, heiter det.

Det blir også poengtert at internasjonale marknader for matvarer er særs følsame for miljømessige problemstillingar, og at eit fjorddeponi vil slå negativt ut.

Avviser kritikken

Administrerande direktør Ivar S. Fossum i Nordic Mining avviser at eit fjorddeponi vil innebere ein miljøkatastrofe.

– Vi har gjennomført ei konsekvensutgreiing som ikkje peikar i retning av noko miljøskandale. Snarare tvert imot så underbyggjer utgreiinga at eit deponi i Førdefjorden vil vere trygt, seier Fossum.

Ivar Fossum

USAMD: Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, meiner konsekvensutgreiinga syner at det ikkje er snakk om noko miljøskandale sjølv om det blir eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Han viser til at mineralnæringa og fiskerinæringa har levd side om side i veldig mange år.

– På same tid har den norske fiskerinæringa hatt ein eventyrleg vekst. Vi kan ikkje sjå at mineralindustrien har påverka fiskerinæringa i negativ retning. Vi trur dei to næringane kan leve veldig godt i lag i Norge også i tida som kjem, seier Fossum.

Skal bruke 800 tonn svovelsyre årleg

– I samband med gruvedrifta vil de mellom anna årleg bruke 800 tonn svovelsyre som til slutt vil hamne i fjorden. Vil ikkje dette forgifte fjorden?

– Svovelsyra vil kome ut i fjorden saman med minerala i veldig små konsentrasjonar. Dette vil vere heilt ufarleg for miljøet, seier Fossum.

Fiskeoppdrettar Ingvar Osland i Flokenes Fiskefarm er fortvila over at gruvedrifta vil bety dumping av store mengder svovelsyre og anna gift i fjorden.

Wenny Irene Hansen i selskapet Fjordkysten fryktar på si side stagnasjon i reiselivet i området dersom Førdefjorden blir dumpingplass for gruveavfall.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå