Hopp til innhold

Protesterer mot dumping av gruveavfall

OSLO (NRK) Eit 50-tals personar møtte opp då Natur og Ungdom i dag aksjonerte utanfor Nordic Minings si generalforsamling.

Protesterer mot Nordic Mining

AkJONERTE MOT NORDIC MINING: Natur og Ungdom oppmoidar aksjonærane i Nordic Mining om å kvitte seg med aksjane.

Foto: Marte Halsør / NRK

Organisasjonen Natur og Ungdom protesterar mot at gruveselskapet har planar om, og løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Dei har karakterisert gruvedrifta i Naustdal som den største forureiningsskandala i nyare tid.

– Vi har to bodskaper i dag, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

Tysdag 17. april fekk Nordic Mining som kjend løyve til å sleppe ut inntil 250 millionar tonn gruveavfall til Førdefjorden. Selskapet, som er børsnotert, hadde ein markant oppgang i aksjeverdien etter regjeringa sitt vedtak.

Natur og Ungdom oppmodar aksjonærane om å dumpe aksjane i Nordic Mining

Ber aksjonærane dumpe aksjar

Aksjonistane krev blant anna at aksjonærane, mellom andre Tine sitt pensjonsfond, dumpar aksjane sine i gruveselskapet

– Vi har og med med oss nokre Engebøfjellvettreglar til direktør Ivar Fossum i Nordic Mining. 1. Vend i tide, det er ingen skam å snu, 2. Sjølv om de har fått løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, så treng det ikkje gjere det, seier Vestre.

– Har ingen problem med aksjonistane

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier til NRK at dei ønskjer full openheit rundt alle prosessar.

– Eg har ingen problem med at Natur og Ungdom ønskjer å markere sitt syn i denne saka i samband med vår generalforsamling, seier Fossum.

Håpar å bli lytta til

Arnstein Vestre

HÅPAR Å BLI LYTTA TIL: Arnstein Vestre er leiar i Natur og Ungdom

Foto: Natur og Ungdom

– De prøver i dag å få aksjonærane til å trekke seg ut av selskapet, trur du at dei kjem til å høyre på dykk?

– Eg håpar dei kjem til å høyre på det vi har å seie. Eg trur at fleire av selskapa kanskje i heilt veit kva dei har investert i å vi ynskjer å gjere dei merksame på det, og vi håpar at dei kjem til å høyre på oss, seier Vestre.