Kaka har eit marsipanlokk med eit bilete av Lærdal sjukehus og eit svart sørgjeband rundt kanten.
Og det er med god grunn sørjebandet er plassert på kaka. For aksjonsgruppa meiner at dersom all kirurgisk verksemd ved Lærdal sjukehus vert lagd ned, betyr det kroken på døra for sjukehuset.
Vil ikkje smake
Kakeprotesten vert ikkje teken godt i mot av styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes. Han kjem ikkje til å prøvesmake den spesiallaga kaka.
– Normalt syns eg det er kjekt å få kake, men ikkje i ein slik regi som dette, seier styreleiaren.