Hopp til innhold

Protestaksjon førte til lange køar i Utvik

I frustrasjon over ikkje verte høyrde blokkerte Claus Hermansen i ettermiddag fylkesveg 60 for all trafikk gjennom Utvik i ein time.

Aksjon i Utvik

AKSJONERTE: Den ulovlege aksjonen i Utvik førde til lange køar på fylkesveg 60.

Foto: NRK-tipsar

Hermansen driv kafeen Sjøtunet i Utvik og har tapt store pengar medan vegen har vore stengd etter skadeflaumen 24. juli.

– Dersom Statens vegvesen hadde villa, så kunne dei hatt på plass ei bru for ein månad sidan, og latt trafikken gjennom Utvik. I staden har dei valt å legge trafikken på ein liten veg som i er berekna på dette, seier Hermansen.

Forstår frustrasjonen

I Statens vegvesen likar avdelingsdirektør Statens vegvesen, Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden lite denne typen aksjonar.

Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. Her på folkemøte i Utvik kyrkje etter flaumen.

Foto: Silje Guddal

– Vi er ikkje glad i aksjonar der ein hindrar trafikken. Eg forstår at han som næringsdrivande er frustrert. Ved slike hendingar har Statens vegvesen som oppgåve å så raskt som råd få opp igjen eit fornuftig vegnett, seier Finden.

Finden vegår at dei kunne valt andre løysingar som hadde gjort at dei kunne hatt bru på plass tidlegare.

– Men det ville ha sperra for å få på plass ei god løysing som vil ha lenger varigheit. I tillegg er område mellom bruene svært trongt. Ei mellombels bru ville ha laga svært vanskelege køyreforhold for vogntog, og det ville vanskeleggjort oppattbygginga som skjer i området, seier Finden.

– Ikkje godt nok

Dagen før storflaumen køyrde 3000 bilar gjennom Utvik. 9. august vart det opna for kolonne for personbilar på ein omkøyringsveg for dei som skulle over Utvikfjellet. Seinare same veka vart det også opna for kolonne for vogntog inn til 15 meter før det i ettermiddag vart opna også for dei lengste vogntoga.

Claus Hermansen

KRITISK: Kafeeigar Claus Hermansen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Når dei no slepper tungtrafikken på denne omkøyringsvegen så kjem det til å verte heilt håplaust, seier Hermansen.

Og ikkje lenge etter at vegen opna for også dei største bilane så gjekk det gale.

– Ja, det er rett. Men no har vi trafikkdirigentar på plass som skal passe på, og dei kjem til å vere meir observante framover når det gjeld vogntog og med å gi dei informasjon om køyremønster, seier Finden.

Men syner ikkje dette at Hermansen har rett?

– Nei, eg trur ikkje at vi skal karakterisere det som fare for kaos. Vi har eit eitt hendeleg uhell der eit vogntog sette seg fast. Vi satsar på at dette kjem til å gå bra framover, seier Finden.