Hopp til innhold

Prosjektrekneskap manglar i Måløy

Nær eitt år etter seglskutefestivalen Tall Ships Races i Måløy, er det framleis ikkje lagt fram ein fullstendig rekneskap.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Rådmann i Ørjan Raknes Forthun må tole sterk kritikk frå kommunestyrerepresentant Nils Myklebust (Sp).

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, Nils Myklebust, er ikkje nådig i kritikken mot rådmann Ørjan Raknes Forthun.

- Det er ganske fantastisk at han, etter ti-elleve månadar, ikkje har greidd å legge fram ein fullstendig rekneskap som kontrollutvalet kan ha til å gjere skikkeleg jobb på. Det fortel eigentleg sitt. Her har det ikkje vore styring i det heile, seier han.

- Dårleg orden i sysakene

Den manglande rekneskapen gjer at ein full økonomisk gjennomgang av arrangementet, som gjekk 15,4 millionar kroner i minus, likevel ikkje let seg gjere på dagens kommunestyremøte. Dette går fram av eit notat frå Kontrollutvalet.

- Det har drege ut i tid og det viser at det har vore så dårleg orden i sysakene at det nesten er heilt utruleg, seier Myklebust.

To grunnar

- Når kontrollutvalet ikkje får dei opplysningane dei ber om, så kan det vere to grunnar; Det eine er at han ikkje greier å samle opplysningane, det andre at han kan ha valgt å prøve å halde attende opplysningar. Det er uråd for oss å vite kvifor dei ikkje greier å få lagt dette fram, held Myklebust fram og vedgår at tilliten til rådmann Raknes Forthun er byrja å bli "temmeleg tynnslitt".

Rådmann Ørjan Raknes Forthun og leiaren i Kontrollutvalet har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Ordførar Roger B. Silden har ikkje hatt tid til å kommentere saka.