Hopp til innhold

Regjeringa lovar ferjefri E39 på Vestlandet - men no kan prosjektet bli trenert

Regjeringa sitt løfte om ferjefri E39 på Vestlandet har ført til full krangel blant dei raudgrøne. Partia er ikkje samde om kor bruene skal byggast. I verste fall kan naudsynte vedtak bli utsett til etter valet.

Liv Signe Navarsete og alternativ for E39

FULL KRANGEL: Regjeringa sitt løfte om ferjefri E39 på Vestlandet har ført til full krangel blant dei raudgrøne.

Foto: Statens vegvesen/NRK

I mars stod Senterpartileiar Liv Signe Navarsete og næringsminister Trond Giske på ei ferje på Vestlandet og var rørande samde. Ferjefri E39 prosjektet har blitt løfta fram som eitt viktig veljaragn på Vestlandet. Men så starta den interne kranglinga.

Fire ulike fjordkryssingar står no og ventar på ei avgjerd, medan regjeringspartia framleis forhandlar. Ingen kan love noko avgjerd før valet, etter planen skulle trasèvala leggjast fram i samband med Nasjonal transportplan i vår. Dette er avgjerande for at ein skal kome seg vidare med planlegginga.

Fryktar trenering

Bruene som ikkje er avklara er mellom Bergen og Stavanger, over Nordfjord i Sogn og Fjordane, og alle fjordkryssingane i Møre og Romsdal. Etter det NRK kjenner til er den sterke usemja i Nordfjord ei viktig årsak til at også dei andre sakene står på vent.

– Eg tenkjer at dette er for dårleg. Desse dokumenta skal fram så fort at det burde kome ei avklaring før valet, seier Tom-Christer Nilsen frå Høgre.

Han vil ha ferjefri 39 mellom Bergen og Stavanger og er utolmodig. No fryktar han at prosjektet blir trenert.

– Så lang tid det tar å få gjort dei enkelte grepa er det viktig å setje i gang så fort som mogeleg, seier Nilsen.

Lei av å vente

Også lokale raudgrøne politikarar er lei av å vente.

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal frå Senterpartiet meiner det hastar å bli samde før valet, og senterpartimannen legg skulda på Ap.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal

HASTAR: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, meiner det hastar å bli samde

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No må det bli gjort eit vedtak. No har vi brukt fire år på prosessen så langt, då er det merkeleg at regjeringa ikkje får landa dette, seier Ryssdal.

Forhandlar framleis

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Geir Pollestad frå Senterpartiet, vedgår at partia framleis forhandlar.

– Det er ingen hemmelegheit at ulike parti har ulik vurdering av dei regionale politiske virkningane av ulike trasèval, seier Pollestad.

Samstundes seier Pollestad at ei avgjerd må kome i år for å ikkje trenere regjeringa sitt valløfte, men kan ikkje love at dei klarer det før valet.

– Vi ønskjer å ta ei avgjerd så raskt som mogeleg, det er klart at avgjerda er tryggast dersom det skjer før valet, men vi styrer landet ut frå eit perspektiv om at vi òg skal styre det etter valet. Det som er viktig er å få ei avgjerd i 2013, seier Pollestad.