Hopp til innhold

Brukar «propagandaplakat» for å berge omstridd museum

MÅLØY (NRK): Kampen for å redde det omstridde museet til ære for krigshelten Martin Linge held fram med nye verkemiddel. «Det er nok å falle ein gang i Måløy» er bodskapen på den propagandaliknande plakaten.

Plakat av kaptein Martin Linge i Måløy laga av Dag Myrestrand.

PLAKAT-AKSJON: Dei siste dagane har det blitt hengt opp ei rekkje plakatar med ei teikning av kaptein Martin Linge som fall i kampane i Måløy i desember 1941.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I kystbyane Måløy og Florø har ein uniformskledd Martin Linge pryda vegger og gjerde dei siste dagane. Den grafiske forma kan minne om den klassiske propagandastilen frå mellomkrigstida.

Bak står den grafiske designaren Dag Myrestrand, som har vore sentral i reklamebransjen i Stavanger i mange år.

– Plakaten kom i stand som ein kjapp idé i samband med at Måløyraidsenteret er truga av nedlegging. Det er ikkje krig, men det er ille nok til å bruke litt sterke verkemiddel for å kommunisere kva som er i ferd med å forsvinne, seier Myrestrand til NRK.

Martin Linge blei skoten og døydde på trappa til Ulvesunds Hotell i Måløy 27. desember 1941. Der står i dag monumentet over krigshelten.

Kunstnaren kan tape pengar

Museet til ære for Martin Linge blei opna av kronprins Haakon i august i fjor, men etter opninga har mykje gått gale.

Økonomien er svak og stiftinga bak senteret har ikkje sendt ut godkjend rekneskap for 2018. Dei skuldar pengar til fleire kreditorar for jobbar som er gjort, blant anna plakatkunstnaren Myrestrand.

– Eg er leverandør til senteret og for så vidt ein av kreditorane, men så har eg også ein annan hatt på. Eg er historisk interessert og har familie som merka Måløyraidet godt. Eg skreiv særoppgåve om Måløyraidet for 40 år sidan og har eit sterkt engasjement for historia, forklarar designaren.

– Må rekke ferja

I løpet av helga er mange av plakatane som blei hengt opp blitt tatt ned. Myrestrand veit ikkje kvifor, men håpar det skuldast at det er eit stort engasjement for å få museet til å kome over den økonomiske kneika.

Hastande forbi den siste attverande plakaten i Florø kjem den nye ordføraren i nye Kinn kommune, Ola Teigen (Ap).

– Eg må rekke ferja, seier han, men rekk å svare på om plakatane og Måløyraidsenteret engasjerer meir i Måløy enn i Flora:

– Det er vel naturleg sidan senteret ligg i Måløy. Men eg trur fleire ser verdien av å formide det som skjedde i Måløy på ein god måte, slik at den oppveksande slekt for vite korleis det var å leve i eit land som var okkupert.

Ordførar i Kinn, Ola Teigen foran plakaten som vekker oppsikt.

I FARTA: Eg trur fleire ser verdien av å formide det som skjedde i Måløy på ein god måte, seier Ola Teigen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Små bekkar til store elvar

No skal kommunestyret i Kinn kommune vurdere om dei vil gå inn og gje Måløyraidsenteret dei naudsynte millionane som må til.

– Det er ikkje sikkert at ein plakataksjon vil ha nokon stor effekt, men små bekkar blir til store elvar. Det er viktig å få informert politikarane om kva dette senteret faktisk er for noko, seier Myrestrand.