Hopp til innhold

Promilletur med båt etter krangel

Ein sunnfjording i 50-åra er dømd for å ha køyrt ein småbåt i rusa tilstand.

Etter ein krangel med kona stakk han heimefrå i båten, men grunnstøytte og fekk etter kvart besøk av politiet.

Sjølv hugsar mannen lite frå det heile, men blodprøven viser at han hadde alkohol i blodet.

 I retten vedgjekk han forholda, og vart dømd til 18 dagar i fengsel på vilkår, og ei bot på 7500 kroner.