Hopp til innhold

Promillemistenkt etter vinglete køyring på riksveg 5

– Han blåste eit godt stykke over 0,2, og meir enn 0,5, seier Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Mannen operasjonsleiaren snakkar om var førar av bilen som i går kveld vekte merksemd på riksveg 5.

Bilen køyrde i 35 km/t i 70-sona, køyrde over i motsett køyrefelt og hamna utpå kvitestripa. Kort og godt vinglete køyring. Andre trafikantar varsla politiet om køyringa.

– Den vingla ein del. Patruljen sikra blåseprøve og mannen vart så framstilt for blodprøvetaking, seier Magnussen.

Operasjonsleiaren ynskjer ikkje å fortelje kva promille blåseprøva viste, men at den var over den lovlege grensa på 0,2 er det liten tvil om.

Det har elles vore ei høvesvis roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane. Fleire stader blir det meldt om god stemning, men det er inga helg utan unntak.

I 02-tida varsla ei kvinne i Sunnfjord om at ho var slått til av kjærasten sin etter at ein krangel utarta seg. Kvinna vart sendt til legevakta for ein sjekk, medan politiet tok med seg mannen. Han sit framleis i arresten. Begge er i slutten av 20-åra.

Både i Florø og Førde løyste politiet dårleg stemning og uro utan å måtte opprette saker. I Sogndal fekk ein person skyss heim av politiet.