Promillemistanke i Sogn

Ein bilførar er mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Det var Utrykkingspolitiet som stogga vedkomande under ein promillekontroll i Trolladalen i Sogndal. Politiet opplyser på Twitter at førarkortet vart beslaglagt på staden.