Det var i april i år mannen var på ein privatfest, der det utvikla seg til krangel mellom kvinna som budde i huset og kjærasten hennar. Mannen var redd for at kjærasten kom til å bli valdeleg, og fann ut at han ville varsle politiet. Men det var ikkje fasttelefon i huset, og han hadde ikkje mobiltelefon. Difor sette han seg i bilen og køyrde ein og ein halv kilometer til privatbustaden til lensmannen.
Nekta for bråk
Lensmannen fekk tilkalla ein politipatrulje, men då dei kom til huset der privatfesten var, hadde dei to som krangla gått til ro for natta, og kvinna nekta for at det hadde vore noko meir enn ein verbal krangel.
Då kom turen til mannen i 50-åra som hadde varsla politiet. Han vart teken med til blodprøve. Den viste 1,73.
To år utan førarkort
Sunnfjord tingrett kom til at det mannen gjorde ikkje kjem inn under naudrettparagrafen, men fann det formildande at han oppfatta det som ein naudsituasjon. Dermed slapp han unna med 21 dagars fengsel på vilkår. Men førarkortet må han vere utan i to år.